Overskriftene i media er at fylket er på randa av konkurs og må gå drastisk til verks og kutte investeringar og driftskostnader. Fylkesrådmannen åtvarar på det sterkaste kvar gong han legg fram rekneskap og budsjett, men vi har ikkje sett store grep og innstrammingstiltak utanom at å åtvare mot å bygge Nordøyvegen og kutt i vegvedlikehald.

Alle store investeringar som er gjort dei seinare åra er i samsvar med rådmannens tilråding. Marginale politiske påplussingar, slik som ein kulturmillion og nokre få millionar til satsing på forskingsinstitusjonane i fylket og auka busstilbod i Ålesund er absolutt ikkje nok til at fylket med ei omsetning på 3,5 milliard per år skal gå ad undas.

Høgre sin Torgeir Dahl er den som har uttala seg mest høglydt om økonomisk vanstyre, men likevel stemt for.

Vår vurdering er at Møre og Romsdal slett ikkje kjem så elendig ut på økonomiske parametrar. Men det kjem sjølvsagt an på kva historie ein vil fortelje omverda. Unødig svartmåling er i alle fall ikkje positivt for rekrutteringa.

Kva går pengane til?

Fylket har investert i gode skular og eit godt ferjetilbod, og det meste har vore nødvendig.

Dersom vi samanliknar oss med andre fylke, er det utgiftene til samferdsel, og særleg ferjedrifta, som er problemet.

I 2017 brukte vi over 8000 kroner per innbyggjar til samferdsel, medan landsgjennomsnittet er på litt over 5000 kroner per innbyggjar.

Ein kvar kan rekne kva desse skilnadene utgjer for eit folketal på om lag 270.000.

På ferjer brukar vi over 1700 kroner per innbyggjar, medan landsgjennomsnittet er på 450 kroner, og for Midt-Norge ca. 850 kroner.

Vi brukar om lag landsgjennomsnittet til kollektivtransport, men vi brukar mindre andel til vedlikehald og vi investerer mindre per innbyggjar enn i landet elles og om lag halvparten av kva Midt-Norge gjer. Dette er ikkje inntrykket ein får når ein les i media.

Finansieringa frå staten til infrastruktur i kystfylka er altså for dårleg, og er ein av hovudgrunnane til at økonomien er pressa.

Sentralisering

Så no skal fylket gå laus på «strukturen», det vil vel seie nedlegging av vidaregåande skular i distrikta og dårlegare ferjetilbod og kollektivtilbod i utkantane.

For «det bur så lite folk der, og fylket kan ikkje bruke så mykje pengar på så få menneske». Pengane må brukast på tiltak der det bur mest folk, der gjev dei størst avkastning, ifølgje økonomane.

Viss vi skal følgje desse råda, bør det ikkje satsast på Møre og Romsdal i det heile.

Kommunereforma har også fått ein eigen dynamikk i Møre og Romsdal. Ålesund er i ferd med å femne halve Sunnmøre, Molde har strekt seg ut frå Dryna til Aursjøen.

Samstundes skal fylket halde fram som eigen region, ein av dei aller minste i landet. Store bykommunar er i stand til å handtere både vidaregåande skule, kollektivtrafikken og kultur-, nærings- og samfunnsutvikling, utan støtte eller innblanding frå ein fylkeskommune. Over tid betyr dette sentralisering av arbeidsplassar og avvikling av fylkeskommunen.

Motstraums-strategi

Senterpartiet vil arbeide også for å utvikle mindre kommunar, tettstader og lokalsamfunn i fylket vårt. Slik Møre og Romsdal fylke vil arbeide for å få fleire statlege arbeidsplassar til fylket, vil vi behalde og utvikle fylkeskommunale kompetansearbeidsplassar spreidd i fylket, både i byane og i distriktet. Vidaregåande skular og samferdsel er dei viktigaste verkemidla vi har.

Ein gong i nær fortid var Arbeidarpartiet med og bygde opp landsgymnas og seinare vidaregåande skular, for at ungdommen skulle kunne bu heime lenger og få utdanning, gjerne tilpassa lokalt næringsliv. I Senterpartiet trur vi at dette framleis er ein smart strategi for å halde oppe busetting og utvikle næringslivet i heile fylket.

Ved å bygge overkapasitet og legge nye attraktive tilbod i byane, blir resultatet nedlegging av distriktsskulane. Nedlegging av ein eller to skular bergar ingen fylkesøkonomi.

Viss skulenedlegging skal redde oss frå ROBEK, må mange skular avviklast. Evalueringa etter førre nedleggingsrunde i vårt fylke viste at det ikkje vart særleg innsparing. Vi vil ikkje bidra til nedlegging av dei skulane som er igjen i fylket.

Senterpartiet meiner det har ein stor verdi å halde oppe busettinga for å ta vare på næringsutvikling knytt til råstoff frå hav, jord, skog og fjell.

Det har også ein stor verdi for å behalde eit kulturelt mangfald og eit kulturlandskap. Landsbygda har mange positive sider, og tenestetilbodet må vere så bra at folk ikkje vel bort bygda.

Enn så lenge er folk meir nøgd med tenestetilbodet i dei mindre kommunane. Kommunebarometeret viser at mange av dei små kommunane greier seg svært godt.

I Møre og Romsdal er små og større tettstader bygd opp kring aktive næringsutøvarar og offentlege institusjonar. Dei fleste av desse stadane har livets rett i framtida.

Nye næringar kan vekse fram med litt meir hjelp og tilrettelegging frå stat, fylke og kommune. Det er folka og kulturen det kjem an på, ikkje nødvendigvis storleiken på staden.

I vår tid har vi tilgang på teknologi som gjer at for mange slags jobbar ein kan bu nesten kvar som helst i verda – også på landsbygda. I Møre og Romsdal har vi verdsleiande næringsliv og forskingsmiljø også i distriktskommunane.

Senterpartiet meiner det er nødvendig med ein forsterka distriktspolitikk for å halde oppe og auke folketalet i vårt fylke, ikkje berre flytte folk frå distrikta til våre eigne byar.

Sentralisering og fråflytting er ikkje ei naturlov, men eit resultat av politiske val over mange ti-år. Vi kan ikkje blindt la SSB sine prognosar bli sjølvoppfyllande. Vi trur på politiske val og ein arbeids- og gründerkultur som vi har i rikt monn mellom desse fjordane og knausane.

Kristin Marie Sørheim, Tingvoll. Fylkespolitiker for Senterpartiet i MR. Foto: Jan-Petter Albertsen