Eg ser i Sunnmørsposten og Mørenytt at ordførarane i «søre luten» er uroa over Nordøyvegen og kva som kan skje med økonomien til fylkeskommunen dersom Nordøyvegen vert bygd.

Dette undrar meg noko, då det nett i dette distriktet har vore stor framgang og vekst sidan først Herøybruene, og sidan Eiksundsambandet vart bygde. Dette har vore sjølve grunnlaget for den gode utviklinga ein har hatt på Søre, og det er vel ikkje tvil i at dette og har vore særs positivt for fylkeskommunen.

Ikkje del i framgangen

Sjølv om utgangspunktet var ganske likt har vi på Nordøyane ikkje fått del i den framgangen eit fastlandssamband gir. Eg vil tillate meg å minne om at Lepsøybrua, som var planlagt på 60-talet, den gong måtte vike for Herøybruene. Trass i mykje positivitet og gode prioriteringar vart Lepsøybrua ikkje bygd, men teken krokfot på når det gjaldt.

Då Nordøyvegen (inkl. Lepsøybrua) på 90-talet var komen på prioritert plass måtte den igjen vike for eit samband på Søre, denne gongen Eiksundsambandet, som i omfang er ganske likt Nordøyvegen. Ved lanseringa vart det forsikra om at dette prosjektet kunne stå på eigne bein og soleis ikkje ville endre på realiseringa av alt prioriterte prosjekt. I etterkant veit me at også Eiksundsambandet måtte ha støtte frå fylket, sjølv om staten tok størstedelen av rekninga (20 prosent var finansiert med bompengar).

Vrengebilde

Frå dette distriktet, som no arbeider med sitt andre fastlandssamband, hadde vi ikkje venta utspel som stør opp under motførestillingar og vrengebildet av vårt fastlandssamband. Dersom ein ikkje lukkast å ferdigstille Nordøyvegen, som i hovudsak er finansiert av den gunstige ferjeavløysingsordninga, er det vanskeleg å sjå at andre samband, heller ikkje på Søre, kan klare dette.

Nordøyvegen er nesten utelukkande finansiert av midlar som ikkje kan brukast til andre ting (bortsett frå ferjer), og den vil soleis aldri bli ein trussel for verken skular eller helsetenester. Dette hadde ordførarane kjent til dersom dei hadde sett seg skikkeleg inn i saka.

Ny kø

Blir arbeidet med Nordøyvegen stoppa, betyr det at vi blir stilt i ei ny kø. Ferjene i sambandet er svært gamle og ser ut til å gå på lånt tid. Ferjeleier er utgått på dato. Det same er tilkomstvegar og parkeringsplassar. Alt saman forsømt oppgraderte på grunn av at Nordøyvegen snart skulle byggast. Om fylket vil kome betre ut av denne situasjonen, der Stortinget krev radikal forandring til nye miljøvennlege og kostbare ferjer er heller tvilsamt. I alle høve ikkje utan betydelege nedskjeringar på rutetilbodet.

Kjære fylkespolitikarar og vener på øyane i sør, set ikkje kroken på døra for oss på Nordøyane!