Eg liker å bruke appar for å betale på reiser – NSB-appen, Flytoget, Ruter i Oslo. Eg synest det er lettvint og praktisk. Eg lasta derfor ned FRAM-appen til Møre og Romsdal, men har oppdaga feil i den som kan få deg til å betale for mykje.

Eg reiser ofte med hurtigbåt frå Hareid til Ålesund. Båten går frå Hurtigbåtkaia på Hareid til Skateflukaia i Ålesund. Men dersom du skriv inn denne strekninga, blir du kravd for 161 kroner, ikkje 120 kroner som turen eigentleg kostar. Grunnen til dette er at FRAM definerer Skateflukaia som eit busstopp, og legg til prisen for ein bussbillett i billetten din, sjølv om det ikkje er mogleg å ta nokon buss mellom Hurtigbåtkaia på Hareid og Skateflukaia.

Du må passe på å velje Ålesund HB kai i staden for Skateflukaia, men sjølv då gjer FRAM det mogleg for deg å trykke feil, og få ein kombibillett med buss til auka pris.

Eg synest det er heilt forkasteleg av FRAM å selje billettar som inneheld bussreise på ei strekning der det ikkje går bussrute og ikkje er mogleg å ta buss.

Eg har klaga på dette til FRAM, men dei viser inga interesse i å innrømme at dette er ein feil, og inga interesse for å rette det. FRAM driv no kampanje for å få oss til å bruke appen. Då må dei først vere villig til å innrømme og rette feil i appen.