Sist tysdag sleit eg ei sene i venstre skulder, og blei tilvist frå min fastlege til Aleris Røntgen i Ålesund for MR-undersøking, etter at Aleris vann anbodet med Helse Midt. Eg kontakta Aleris måndag 3. september, og fekk opplyst at eg var sett opp til time den 10. oktober, men fekk også opplyst at dersom eg ville betale alt sjølv, kunne eg få time i morgå, tysdag 4. september. Eg hugsar ikkje nøyaktig prisen dama i andre enden gav opp, men rundt 2.500 kroner.

Med andre ord. Aleris hadde ledig time tysdag 4. september, men berre dersom eg ville betale alt sjølv. Er det verkeleg slik Helse Midt har stelt seg, og er det verkeleg slik vi skal ha det, når helseministeren i debattar viser til eit godt helsevesen for alle?

For meg ser det ut som at når Aleris får tilvist ein pasient, blir denne automatisk sett på minimum fire-fem vekers venteliste, utan anna vurdering. Dette synast å vere ein bevisst strategi frå Aleris si side, for at folk skal kjøpe seg fram i køen. Dette er etter mi vurdering svindel, då eg går ut frå at Helse Midt ikkje har lagt opp til slik praksis i anbudsutlysningane, og om helseføretaket har godkjent ein slik praksis, er det ikkje lenge før alle må teikne ei privat helseforsikring. Nb! Kva med dei som kanskje ikkje har råd til det?

Eg godtok ikkje dette, og ringde så MR-klinikken på Daaskogen, og fekk time hos dei tysdag 4. september, prisen var 1.500 kroner. Eg fekk klart opplyst at dei dreiv privat, sidan dei hadde mist avtalen med Helseforetaket til Aleris, og derfor prisen. Uansett var det altså 1.000 kroner under det Aleris skulle ha.

Kva med Helseforetaka, og sjukehusa. Sit dei berre og flytter papir, og gjer seg meir og meir avhengig av private aktørar som skal profittere på det arbeidet dei i utgangspunktet skulle ta seg av, eller er det slik at legestanden unngår henvise til pasientar innan det offentlege (sjukehusa).