Denne planen er delt inn i to planperiodar: 2018-2023, og siste delen 2024–2029. Heile planen vert rullert og behandla på nytt av Stortinget i 2021.

Vi kan lese i ulike annonsar og innlegg ang. Møreaksen, at det er nokon her i fylket som innbiller seg at Møreaksen kan kome om nokre få år, 2022 er nemnt som sjølvsagt ikkje er realistisk.

I gjeldande nasjonal transportplan står Møreaksen i siste del av planen, i perioden 2024–2029. Den står inne med 6 milliard kroner av ein totalkostnad på 37 milliard.

I tillegg er det tenkt bompengar, som vil bli svært kostbart for oss alle, summar på 4–600 kroner ein veg frå Ålesund til Molde er kostnadsnivå som har vore omtalt.

Med andre ord: Møreaksen er «milevis» frå snarleg oppstart, og verken skal eller kan «snike i køa» i fylket.

E-136 Romsdalen har i ei årrekke vore førsteprioritet her i fylket, og her ligg to prosjekt inne i fyrste del av NTP og er så å seie byggeklare: Flatmark-Monge-Marstein (750 mill. kr) og Stugufløten-Rødstøl (650 mill. kr). Ingen av desse prosjekta er starta opp.

E-39 Betna- Stormyra har også vore på topp i prioriteringane her i fylket, og står i same tidlege periode utan startløyving og er heller ikkje starta opp: 2,1 milliard kr.

E-39 Lønset- Hjelset, også i tidleg periode, ikkje starta opp og ikkje finansiert: 600 mill. kr.

E-136/39 Ørskogfjellet krabbefelt står også tidleg i planen med 130 mill. kr.

E-136 Lerstadvegen står også i tidleg planperiode med ei startbeløp på 200 mill. kr til eit totalkostnad på 1,8 milliard kr.

Korleis i all verda kan nokon drøyme om at nokon eller alle av desse prosjekta vert skubba ut i tid, for at Møreaksen kan få «snike i køen»? Kva prosjekt som eg har vist til, som faktisk står i NTP i 2018-2023, har ein tenkt å fjerne til fordel for Møreaksen?

Såleis har vi svært god tida med å finne den beste, smartaste, rimelegaste, tryggaste og mest miljøvenlege måten å krysse Romsdalsfjorden på.

Dette er ufatteleg at absolutt ingen av Møreaksen-forkjemparane klarer å fortelje sanninga om prioritering og realismen i gjeldande NTP. I staden forsøker enkelte å teikne eit bilde som i beste fall er ei kraftig forfalsking.

I andre fylke, som til dømes Hordaland, har regjeringa og andre, «fått ny informasjon» som har ført til at bygging av Bjørnefjorden no skal skje med ny miljøteknologi, trygg og framtidsretta med flytebruer som også følgjer opp Stortingets mål om å leggje til rette for gåande og syklande.

Her i fylket ser det ut som at traséval er «hogd i stein», og det å kunne bygge vegane her i fylket smartare, billigare, tryggare og med ny miljøteknologi ikkje skal gjelde. Miljøet, gåande og syklande bryr ein seg heller ikkje om. Den «nye informasjonen» som ein har fått i resten av landet, gjeld ikkje for Møre og Romsdal kan det sjå ut til.

Heldigvis skal dagens Nasjonale transportplan som også omfattar kryssing av Romsdalsfjorden rullerast i 2021. Like mykje heldigvis, er det at det er innbyggjarane her i fylket som sørger for utfallet av dette, gjennom vala i 2019 og 2021.