Kronikk om legitimitet vs. legalitet

«Den tvitydige populismen»

Populisme har i dag fleire andlet. Vi har høgre-populisme, men òg venstrepopulisme. Sams for båe er at dei gir seg ut for å vere dei eigenlege representantane for folket.

Folkemakt: Populismen har fleire andlet. I vår tid har vi leiarar, slik som Donald Trump, og parti som hevdar å representere folket, og at dei som ikkje er samde er fiendar av folket. Men populisme kan også gi seg utslag i sivil ulydnad mot legalt fatta vedtak, protestar som stiller vedtaka sin legitimitet i tvil, slik som til dømes Alta-aksjonane på 1970-talet. Foto: NTB Scanpix  Foto: Jim Urquhart

Kunnskapsbasert kritisk bruk av fornuft skal vere idealet, ikkje emosjonell oppøsing

Atle Måseide

Atle Måseide (frå Hareid) er instituttleiar ved Filosofisk institutt ved Universitetet i Tromsø 

Meninger

Det kan òg vere leiarar som framstiller seg slik, t.d. Trump i USA, Erdogan i Tyrkia, i si tid Chavez i Venezuela. Ei gruppe kan òg hevde vere heile folkets eigenlege representantar, t.d. i Tyskland, der eit parti, AfD, som utgjer godt og vel 10 % av tyske veljarar, insisterer på at dei – og ingen andre – er folket.

At fleirtalet i val gir uttrykk for eit anna syn, tar dei likevel som stadfesting av at dei har rett: Fleirtalet ville ha meint det same som oss, hadde ikkje media gjennom løgnene sine fått dei til å gå imot sine eigenlege interesser.

At politiske institusjonar, rettsapparat og media, for ikkje å snakke om intellektuelle («eliten»), freistar føre folk bak lyset for sjølve å tene på det, blir framført med føremål om å undergrave tilliten til politisk system, til rettsapparat, media, vitskap.


Obama: Trump og Republikanerne undergraver USA

USAs tidligere president Barack Obama tar bladet fra munnen og retter skarp kritikk mot Donald Trump og det republikanske partiet.

 

Sanning er det «folket» til ei kvar tid meiner. Kva som er legalt, avgjer folkeviljen, ikkje lovverk og rettsapparat.

At sanning og rettferd viser seg vere det «føraren» meiner og vil, brigdar ikkje dette. «Føraren» blir oppfatta, og oppfattar seg sjølv, som folkets talerøyr. Er nokon usamd med han/henne, er vedkommande usamd med folket – altså folkefiende, «enemy of the people», som Trump hevdar.

Denne forma for populisme, den vere seg høgre- eller venstreorientert, er uforeinleg med lovstyrt parlamentarisk demokrati. Den er proto-fascistisk, første steg på utvikling i fascistisk retning.

Som vi ser av utviklinga internasjonalt, særleg dei siste 10–15 åra, har den funne stad i ly av demokratiske institusjonar og ordningar. Gjennom frie val har folk, t.d. i Polen, Ungarn, USA og Tyrkia, røysta for parti som meir eller mindre tydeleg har gått inn for å demontere demokrati og rettsstat.


Trump truer med toll på alle varer fra Kina

USAs president Donald Trump truer med å innføre opptil 25 prosent toll på alle kinesiske varer som eksporteres til USA.

 

I Norge hadde populistisk tenking oppsving på syttitalet og utetter. Den var ein heilt annan populisme enn den eg nett har skissert trekk ved.

Målet var å få folk engasjert i den politiske kvardagen, m.a. som motvekt mot byråkrati og ekspertvelde. Eit døme er kampen mot norsk medlemskap i EEC, seinare EU, i åra fram mot 1972. Eit anna var Mardøla-aksjonen. Eit tredje gjaldt utbygginga av Alta-elva. Meir lokale var t.d. aksjonar mot nedlegging av skolar.

Eg skal sjå litt nærare på ein bestemt episode knytt til Alta-saka, da denne kastar lys over på det tvitydige ved populisme og kvifor det gir meining å hevde at populistiske initiativ ikkje nødvendigvis er fiendtlege andsynes demokrati og rettsstat, og at dei under gitte vilkår kan spele ei svært viktig rolle.

For å hindre utbygging av Alta-elva vart det sett i gang organisert sivil ulydnad. Det kom personar til frå heile landet, ikkje berre Alta-samfunnet. Desse slo seg ned der vegen inn til det planlagde kraftverket gjekk.


USA truer Tyrkia med flere sanksjoner

USA truer Tyrkia med enda flere sanksjoner dersom ikke en amerikansk pastor løslates fra husarrest i Tyrkia.

 

Store politistyrkar vart samla for å fjerne demonstrantane. Forsvarsministeren ville jamvel bruke militærmakt mot dei!

Vedtaket om utbygging av Alta-vassdraget var gjort av Stortinget etter dei prosedyrar som skal følgjas for at vedtaket skal vere legalt.

Dei som sette i gang den sivile ulydnadsaksjonen, var samde i at utbyggingsvedtaket var legalt.

Dei hevda derimot at det likevel ikkje var legitimt.

Argumentet deira føreset at det er ein avgjerande skilnad mellom eit legalt og eit legitimt vedtak. Daverande justisminister, Inger Louise Valle, vart intervjua på TV om synet sitt på ulydnadsaksjonen.

Svaret hennar inneheldt ei åtvaring, for, som ho sa, «demokratiet er en skjør ting».

Valle hadde, som utviklinga seinare har vist, tvillaust rett i at demokratiet er ein «skjør ting». Det skal openbert lite til for å undergrave det.

Det ho likevel ikkje såg, var innebørda av synet ho gav uttrykk for: Er eit vedtak legalt, dvs. fatta etter korrekt prosedyre, har ein, gitt synet hennar, ikkje rett til å utfordre det.

Er oppfatninga riktig, er konsekvensen at eit nødvendig vilkår for rettsstaten, nemleg aksept for skiljet mellom «legal» og «legitim», blir fjerna. Men av at eit vedtak er legalt, følgjer ikkje at det difor også er legitimt.

Gitt ein stat der ein etter korrekt prosedyre i parlamentet har vedtatt at slaveri er lovleg. I så fall er vedtaket legalt.

Har ein ikkje rom for kravet om legitimitet, er vegen stengd for å utfordre vedtaket. Ein kvar som freistar argumentere for at det ikkje kan vere legitimt, moralsk og/eller juridisk gyldig, har freista gjere eit trekk som spelet utelukkar eller forbyr.


Tyrkia får løfter om milliardinvesteringer fra Qatar

Qatar lover direkte investeringer på over 120 milliarder kroner i kriserammede Tyrkia, ifølge tyrkiske myndigheter.

 

Nå kan ein kanskje innvende at slaveri vil da ingen i dag gå inn for. La så vere, men vi treng ikkje gå lenger enn til Polen for å sjå at det polske parlamentet, der det nasjonal-konservative partiet har fleirtal, steg for steg og (truleg) i samsvar med korrekt prosedyre har gjennomført tiltak som tener til å undergrave rettsstaten ved at rettsapparatet på alle trinn skal bli kontrollert av parlamentet.

Politiseringa av amerikansk høgsterett hyser same problemet. Båe bryt med maktfordelings-prinsippet.

I si tid vart Hitler vald til rikskanslar i Tyskland på lovleg vis.

Det tok ikkje lang tid før partiet hans hadde fleirtal i Riksdagen. Lovene det stod bak, var, gitt at dei var vedtatt etter korrekt prosedyre, legale.

Men er det nokon som vil insistere på at dei (derfor) var legitime?

Kravet om legitimitet er, sjølvsagt, ikkje lett å innløyse. Det er knytt til retten til fri, sakleg meiningsutveksling, der «det betre argumentet» skal vinne fram.

At det på sikt kan vise seg at det «betre argumentet» ikkje var godt nok, er inga innvending mot dette.


Kjent KD-politiker melder overgang til Sverigedemokraterna

Sverigedemokraterna (SD) har vervet Charlie Weimers, tidligere leder for Kristdemokraternas (KD) ungdomsparti, tre dager før valget.

 

Det viser, tvert om, behovet for å ha eit ope rom for fri og sakleg meiningsbryting der det er argument og ikkje standpunkt eller partilojalitet som tel. I sin tur er dette uløyseleg knytt til ytringsfridom som vilkår for både demokrati og rettsstat – og til at kunnskapsbasert kritisk bruk av fornuft skal vere idealet, ikkje emosjonell oppøsing.