Dei fire siste åra har Ålesund kommune brukt 93 millionar på innleige av private vikarbyrå i helse- og omsorgstenesta. Fagforbundet Ålesund krev fulle faste stillingar for våre eigne arbeidstakarar, framfor innleigd arbeidskraft.

Denne høge summen på 93 millionar kroner har Fagforbundet Ålesund henta frå økonomikontoret i Ålesund kommune. Dette svarar til 133 nye heile stillingar.

Politikarar og administrasjon skuldar på dårleg økonomi når dei skal forsvare bruken av små stillingar og lav bemanning.

Kommunen har mange deltidstilsette med kompetanse som ønsker seg heile faste stillingar. Likevel vel Ålesund kommune å bruke bemanningsbyrå av ulik seriøs karakter. Desse bemanningsbyråa tek plassen til kommunanes eigne arbeidstakarar som ønsker seg høgare stilling og ei lønn å leve av.

Korleis meiner politikarane at ein arbeidstakar skal få lån, skaffe seg hus, og rett og slett overleve på ei slik lønn som ei lita stilling medfører? Faste stillingar bør vere regelen.

Kommunen har skrevet under på ein avtale om et inkluderande arbeidsliv, IA-avtalen. Her forpliktar kommunen seg til at heile faste stillingar skal vere regelen ved utlysing av stillingar. Både politikarar og administrasjon er einige i dette. Likevel vel kommunen å fortsette med utlysing av små stillingsbrøkar.

Fagforbundet krev at kommunen tek IA-avtalen på alvor, og tilset arbeidstakarar i fulle faste stillingar. Fagforbundet seier JA til tilsetting av eigne arbeidstakarar, og NEI til bruk av innleige av vikarbyrå.