Under den målande tittelen «Ålesunds kulturarv står på spill» dreg styret i Ålesund historielag (Smp 6.10), i største alarmistiske gravalvor, sverdet for bykulturen, bokmålet og byvåpenet.

Det er underleg historieforteljing. Er dette verkeleg representativt for historielaget? Kva for Ålesund er det historielaget representerer?

Kven si historie vil dei fortelje?

Eg har budd i Ålesund kommune mesteparten av livet. I 13 år fryda eg meg over å bu midt i byen. Eg har arbeidd ved to av musea i byen, skrive eller medverka i seks bøker og skrive mange artiklar med emne frå Sunnmøre og Ålesund.

Eg har kjempa for godt bymiljø og for den materielle kulturarven i byen heile mitt vaksne liv. Men eg kan ikkje sjå at Ålesund har ein immateriell kultur som skil seg nemnande frå Sunnmøre elles. Det er ingen tvil om at det var ei lette for mange bygdeungdommar, særleg for kvinner, å flytte til ein by.

Mange fekk nye sjansar der, men då helst i byar større enn Ålesund. Uansett – dei fleste streva med livet i byen slik slektningane streva på landsbygda. Utan tvil var klasseskilja større i Ålesund og fattigdomen grellare enn på bygdene.

Eg oppmodar dei som snakkar om kulturen i Ålesund til å fortelje konkret korleis han skil seg frå Sunnmøre elles.

Dei store intellektuelle prestasjonane på Sunnmøre er det ein prest i Borgund og Volda (Hans Strøm), ein mann frå Ørsta (Ivar Aasen) og ein mann frå Sykkylven (Jostein Fet), som har stått for. Ei kvinne frå Volda (Berte Kanutte Aarflot) gav ut songar og salmar alt i 1820.

Det første trykkjeriet på Sunnmøre var oppretta i Volda, knapt femti år før Ålesund hadde ein trykkjar.

Innovasjonar i båtbygging kan like gjerne kome i Ulsteinvik som i Ålesund.

Når det gjeld språkanalysen til historielaget, så er den ikkje anna enn gammal riksmålspropaganda frå overklassa – til dømes at nynorsk skal passe best på landsbygda.

Då Ivar Aasen reiste rundt i landet var det mest ikkje byar i Noreg. I Ålesund møtte han, bortsett frå i eit lite sjikt av embetsmenn, det same talemålet som elles på Sunnmøre mellom dei 1300 innbyggjarane.

At skulane i byen hadde bokmål kjem like mykje av at det var overklassa som dominerte skulestyra der.

Kva for fattig fiskar i Ålesund ville ta opp kampen med dei høge herrar?

At eg sjølv fekk bokmål som hovudmål, skuldast at fleire og fleire byfolk med god råd bygde seg villa rett innanfor bygrensa i Borgund.

I eit par tiår dreiv dei aggressiv kampanje mot folkemålet – godt støtta av Riksmålsforbundet i hovudstaden – til dei fekk det som dei ville.

Med røynslene frå Borgund er det god grunn til å snu overskrifta til historielaget og hevde at Haram, Sandøy, Skodje og Ørskog sin kulturarv står på spel ved ei kommunesamanslåing.

Dei har til dømes gått med på å skifte kommunenamn. Til liks med Borgund er namnet Haram eldgammalt og har mykje lenger tradisjon enn Ålesund-namnet. Når ein ser korleis det gjekk med det tradisjonsrike Borgund-namnet, er det grunn til uro.

Haram og Sandøy var òg pionerar i landet når det gjeld folkespråket. Stortinget vedtok i 1892 at skulestyra sjølve skulle avgjere språket i skulen.

Sandøy hadde alt året før vedteke at undervisninga skulle vere på talemålet. I 1896 vedtok dei at det skriftlege språket i skulen skulle vere landsmål.

Då hadde Haram, som den tredje kommunen i landet, hatt landsmål sidan 1893. Folket i desse kommunane har altså no skrive nynorsk i fem, seks generasjonar. Kvifor skulle dei gje frå seg ein slik stolt kultur?

Særleg når ein veit korleis det gjekk med den største nynorskkommunen i fylket, Borgund, då den vart slått saman med Ålesund i 1968.

Når bokmålslobbyen i Ålesund hevdar at ei såkalla språknøytral kommune vil vere mest demokratisk, fungerer retorikken diverre berre som vikarierande argument for bokmålet.

Det hadde auka truverdet deira om dei vedgjekk at Ålesund ikkje har ein språkpolitikk, og at nynorskfolket sine rettar blir ignorerte i kommunen. Eg er heilt viss på at mange ålesundarar trudde – heilt til debatten om språk i den nye kommunen kom opp – at dei budde i ei bokmålskommune.

Slik fungerer han òg. Då eg nyleg skreiv til Ålesund kommune fekk eg (sjølvsagt) svar på bokmål. Då eg svara at eg ville sette pris på å få svar på nynorsk når eg skreiv til dei på nynorsk, fekk eg attende: «Beklagar. Takast til etterretning». Er eit slik arrogant svar språknøytralt? Er dette eit godt døme på korleis såkalla demokratisk språknøytralitet skal fungere?

I den nye kommunen vil alle få svar på det språket dei sjølve nyttar. Slik vil Ålesund faktisk fungere meir språknøytralt enn kommunen av i dag.

Det ville òg styrka truverdet til bokmålslobbyen om dei viste mindre forakt og for nynorsken. Når nokon finn å fortelje i avisa (Smp 27. juni) at dei kastar ei brosjyre om den nye kommunen skrive på nynorsk av «fire, fem damer» rett i bosset utan å lese ho, så fremjar det ikkje akkurat bokmålssaka.

Det same gjeld innsendaren i Nytt i Uka 3. oktober som, med ei grunngjeving berre basert på personleg synsing, vil utrydde nynorsken for at norsk skal vinne mot engelsk. Det er sjølvsagt ikkje bokmålet som må gje seg for eit så edelt mål.

Eit slikt hat som mange ofte målber mot nynorsk minner meg om korleis det vart skote mot vegskilt på samisk når dei endeleg kom opp. Det er ein forakt for andre som korkje er demokratisk eller sympatisk.

Dei finaste songane om Ålesund er skrivne på nynorsk, av Hartvig Kiran, arbeidarklassegut frå «bak fjellet». Er ikkje dette ein del av kulturen i byen?

Den same Kiran omsette Hamlet og ei rekkje andre klassikarar til norsk. Det er noko godt tøv når historielaget hevdar at ein gjennom bokmålet skulle ha eit betre samband med den europeiske kulturarven enn gjennom nynorsk.

Og det er direkte pinleg å tru at den vesle småbyen, som ville fått plass i ein liten bydel i dei gamle europeiske byane, på grunn av språket skulle hatt ein betre kulturkontakt med resten av verda enn grannane.

Aud Farstad, historikar, Ålesund. Foto: Pressefoto.