Liknande saker er sjølvsagt store samferdselssaker som Todalsfjordprosjektet, Kjerringsundet, Langfjordsambandet, Rovdefjordbrua. Også større investeringar i skulebygg vil kome inn under dette.

Nordøyvegen er den første saka der fylkesrådmannen går inn for at rehabiliteringskostnader skal leggjast inn. På oktobertinget i 2016 (sak T61/16) gjorde fylkestinget samrøystes vedtak om at rehabiliteringskostnader og busskostnader ikkje skulle leggjast inn i finansieringa av Nordøyvegen. På desembertinget i 2016 (sak T 78/16) la fylkesrådmannen frå ei kontantstraumsanalyse som legg inn rehabiliteringskostnader på 61 mill. i 30 år (1.830 mrd. 2018 kr). Det kan også nemnast at i analysen vart lagt fram 14 mill. til vedlikehald i 40 år og kostnad til nye bussruter til 10 mill. i 40 år. Samla er dette kostnader på 2,790 mrd. Dette er om lag det same som kostnaden av Nordøyvegen, om ein trekkjer frå bidrag frå andre og mva. Alle utval og fylkestinget avviste å ta med rehabilitering og bussruter.

No skal saka om Nordøyvegen opp til ny handsaming. Fylkesrådmannen bestiller då ein ny rapport om rehabilitering. Dette gjer han utan å samrå seg med Plannemnda for samferdsel, som er styringsgruppe for Nordøyvegen. Dette må tolkast som eit opplegg til omkamp med fylkestinget sitt vedtak.

Skal dette bli mønsteret for, så vil det bli umogleg å få realisert store samferdselsprosjekt og større investeringar i skulebygg.

I desse tider har Langfjordtunnelen og Godøytunnelen blitt rehabilitert eller er på gang med dette. Dette skjer om lag 30 år etter opning. I dag er tunnelane av ein heil anna klasse. Dei er tette og utstyret er av mykje høgare kvalitet. Truleg vil det kunne ta 40–50 år før dei nye tunnelane treng rehabilitering. Er det rett at vi skal ta dette inn i kostnaden på eit vegprosjekt?

Det kom eit signal frå fylkesadministrasjonen om at det, i eit evt neste anbod, skal kuttast ei ferje i rute 21 (Skjeltene-Haramsøya-Lepsøya). Det kan sjå ut som om fylkesadministrasjonen er i ferd med eit arbeid som går ut på at Nordøyvegkostnaden skal bli høgast mogeleg og ferjekostnaden skal bli lågast mogeleg.

Lave ferjekostnader vil gje lite ferjeavløysingsmidlar. Nyleg har fylkesrådmannen varsla to takstsoner opp på ferjebillettane og grunngitt det med stor kostnadsauke i ferjedrifta. Det står att å sjå kva som kjem i saksframlegget til Nordøyvegen. Kanskje det er rett å minne om fylkestinget sitt vedtak: «Fylkeskommunen skal vere ein regional utviklingsaktør».