Eg valde Venstre fordi det gamle Venstre gav oss eit reelt folkestyre og demokrati. Venstre er moderpartiet for sentrumspartia. Eg har heile mitt liv kjempa for eit sterkt sentrum i politikken. Det gamle Venstre kjempa imot embetsmannsveldet.

Høgre (og Frp) sitt frie pengestyre (kapitalismen) fører til at dei rike vert rikare og mektigare, mens folk flest vert fattigare og meir makteslause. Historia har vist at sosialistane (Ap og SV) skapar ein dyr byråkratistyrt formyndarstat. Sentrum står for ein god balanse mellom stat og privat der folkestyret og demokratiet skal ha mest makt.

Dei folkevalde har gitt frå seg for mykje makt til byråkratane. Byråkratane har i vår tid vorte dei nye embetsmennene.

Vi har fått eit nytt embetsmannsvelde i Norge, der folk flest føler seg makteslause. Den norske grunnlova frå 1814 var inspirert av den franske revolusjonen i 1789 og Hans Nilsen Hauge si lekmann-rørsle.

Norge si historie er bygd på denne grunnvollen.

Venstre-rørsla var bønder (Sp), haugianarar (KrF) og demokratar (V) som kjempa for eit reelt folkestyre imot høgrekreftene sitt embetsmannsvelde. Venstre kjempa fram stemmerett for alle menn og kvinner. Stemmeretten som Venstre kjempa fram, gav arbeidarane makt.

Arbeidarrørsla var inspirert av Karl Marx. Han meinte at religionane var opium for folket. Dei sekulære, gudlause sosialistane har kjempa for å redusere religionane si makt i samfunnet. Frukta av den fundamentale sosialismen – kommunismen – har vist at å fornekte Gud fører til menneske-gudar – diktatorar som Lenin og Stalin, Mao, Pol Pot og leiarane i Nord-Korea.

Mange sosialistar erkjenner dette, og er meir opne for samarbeid med KrF. I dag er KrF åleine att i sentrum. Frp ville ta frå bøndene statsstøtte. Det førte Senterpartiet til Ap og SV.

Venstre har markert seg som eit liberalt parti, og sløyfa det sosiale. Det har ført Venstre til Høgre og Frp. Media presser no KrF til å velje mellom høgre- eller venstresida. Frp vil ha fri rus og sex og fritt avgjere liv og død i starten og slutten av livet.

R/SV har kjempa imot dei kristne livsverdiane i skulen og barnehagane og for eit sekulært livssyn som byggjer på Big-Bang og ei utviklingslære utan ein skapar – Gud. Verken Frp eller Raudt og SV vil underordne seg dei 10 boda i Mose-lova. Dei kristne livsverdiane byggjer på dei 10 boda i Mose-lova og Jesu liv og lære. Bryt vi dei 10 boda vil vi øydelegge eit godt samfunn.

Eit folkestyre som er bygd på dei kristne livsverdiane har skapt det gode samfunnet vi har i Norge. Takk til Steinar Reiten som viser, i avisa Vårt Land, at han vil kjempe for sentrum.

Eg trur at det er det beste for KrF og for Norge. Vi treng KrF som eit frittståande lys og salt-parti i sentrum!

Tidlegare Venstre-politikar, Jon Hildre, rosar Steinar Reiten (bildet) for at han går inn for å halde KrF unna begge regjeringsalternativa. Foto: Staale Wattø