No vert næringslivet utfordra til å vere med på dette felles løftet. Står vi saman kan vi styrke lufthamna på Vigra – og dermed styrke regionen.

Ålesund lufthamn er bindeleddet til resten av verda. Over ein million årlege flypassasjerar er bevis på det. Og fleire fakta stadfestar flyplassen på Vigra sin spesielle posisjon og funksjon: Vigra har meir trafikk enn dei tre andre lufthamnene i Møre og Romsdal til saman.

55 prosent av alle flypassasjerane i fylket reiser her. 84 prosent av utanlandstrafikken går her. Og Vigra er den einaste nasjonale lufthamna.

Ei vifte ut i verda

At Vigra er regionen sitt bindeledd til verda kan du også sjå og erfare på eit kva som helst slags morgonfly til utlandet, som for eksempel Amsterdam-ruta.

Mellom passasjerane finn du sjølvsagt dei som skal til London, Paris eller Barcelona på storbyferie. Eller Amsterdam. Men Amsterdam og Schiphol er for mange berre stoppet som sender dei ut kvar som helst i verda.

Her er nokon som skal sjekke sjømatmarknaden i Japan. Nokre skal besøke eit verft i Kina eller ein fabrikk i Vietnam. I eitt av seta finn du ei som er serviceingeniør på veg til hasteoppdrag i Singapore, i eit anna sete er det ein som skal besøke agenten dei har i India.

Frå lengst i aust og vestover der nokon har mannskapsbytte og skal om bord i ein båt i Sør-Amerika, nokre skal gjere forretningar i Houston medan andre kanskje heller prøvar lukka i Las Vegas.

Frå Vigra via Amsterdam spreier nordvestlendingane seg i ei vifte ut i heile verda.

I tillegg kjem flya til Litauen og Polen, København-ruta, Alicante-fly og charterfly. Vigra er vegen til verda.

Vi skal sjølvsagt ikkje gløyme lokaltrafikken. Reiser i Norge. Forretningsreiser, familiebesøk og fornøyelsar. Men det som gjer lufthamna på Vigra så viktig for heile Nordvestlandet, er dette at den er vegen til verda. Og ikkje minst er flyplassen verda sin veg inn til oss. Nesten halvparten av trafikken til og frå Vigra er internasjonal. Her kjem det flygande inn menneske, kunnskap og idear.

Ikkje minst er kunnskapen og ideane viktige. Brorparten av studentane på NTNU er ikkje lokale. Nærare halvparten av dei tar med seg ambisjonane, ideane og arbeidsviljen sin frå andre delar av landet – og utlandet.

Ei velfungerande lufthamn bygger opp om ein attraktiv region, der det er enkelt å halde kontakten med familie og vener i andre delar av verda og å utvikle seg fagleg gjennom nettverk og samarbeid med andre fag- og kompetansemiljø.

Viktig både for folk og forretning

Ein velfungerande flyplass er avgjerande for vertskapsattraktivitet og ein motor både i byutvikling, regionutvikling og næringsutvikling.

Mange oppgir kort veg til flyplass med internasjonale flyruter som ein god grunn til å bu i regionen. Og flyplass med internasjonale ruter er sjølvsagt også ein fordel for det internasjonalt retta næringslivet på Nordvestlandet.

Fram til no er det Utviklingsforumet for Ålesund lufthavn, Vigra i samarbeid med Næringsforeningen Ålesundregionen som har drifta utviklingsarbeidet for flyplassen. Dei har gjort eit godt stykke arbeid når det gjeld å styrke rutetilbodet, betre infrastrukturen på og ved flyplassen og styrke tilbringartenesta.

Forumet har ei uformell organisasjonsform som gir god aksjonskraft med kort veg frå ord til handling, men dei har avgrensa økonomi og kan ikkje gå inn i større og ressurskrevjande prosjekt, som for eksempel å yte marknadsstøtte til nye ruter.

Nytt selskap, meir musklar

I samarbeid og forståing med Utviklingsforumet og Næringsforeningen, har Region Ålesund sett på korleis ein skal få styrka arbeidet for Vigra.

Eit interimsstyre med ordførarar og representantar for det noverande utviklingsforumet har kome til at løysinga er eit nytt selskap der både kommunar og næringsliv i sterkare grad vert engasjert i arbeidet; Utviklingsforum for Ålesund lufthavn, Vigra AS.

Dette aksjeselskapet skal ha musklar slik at dei kan jobbe med alt frå tilbringarteneste, parkering og bagasjehandtering til å jobbe for nye og utvida rutetilbod og at investeringar på flyplassen får sin rettmessige plass på prioriteringslistene hos Avinor.

Det skal sjå etter moglege samarbeid både hos reiselivsnæring og styresmakter, og det skal styrke forståinga av kor viktig Vigra er – både hos flyselskap og flypassasjerar.

Vi treng Vigra og vi treng eit styrka Vigra.

Utvide og utvikle verdsvegen

Seksten sunnmørskommunar har takka ja til å kjøpe ein aksje og bidra med driftstilskot. Møre og Romsdal fylkeskommune har også gått inn med 100.000 kroner, for å få etablert det nye aksjeselskapet for utvikling av lufthamna på Vigra.

Og no er tilbodet om å bli aksjonær i selskapet som skal styrke lufthamna på Vigra ute hos næringslivet, eit næringsliv som er verdsleiande på mange felt og som i stor grad har Vigra som sin viktigaste veg til og frå verda. Vi håper bedriftene ser at tilbodet om å bli aksjonær også er eit tilbod om å vere med på å vidareutvikle lufthamna og dermed vidareutvikle Nordvestlandet.

Ein betre flyplass gjer det betre å bu her, betre å arbeide her og betre å drive næringsliv her.

Det har ofte vore sagt at noko av styrken til næringslivet på Nordvestlandet er at ein konkurrerer når ein må og samarbeider når ein kan.

Vi håper næringslivet no ser nytta av eit samarbeid og at det er nødvendig med eit samarbeid om å utvikle Vigra og sikre stadig forbetring av denne viktige vegen til verda.