I 1887 var det berre eit realistisk alternativ; inst, der halvøya er smalast – ca. 1,7 kilometer. Men mykje har skjedd med teknikken for boring av tunnelar sidan den gongen, så det er rart politikarane heng fast i 130 år gamal vurdering. Den løysinga vil gje båtane ein 18 kilometer omveg, og ein tunnel som går gjennom dårleg fjell, inkludert sprekksoner som vil kunne gje betydelege tilleggskostnader til sikring – og ei trong skipslei med til dels ureint farvatn. Tunnelen vil heller ikkje samfunnsøkonomisk gå i balanse.

Men det finst eit alternativ til, som pussig nok vert lite nemnt – av di det kom utanfrå? Legg tunnelen så langt ute på halvøya, at seglingsleia vert tilnærma bein, og med ope farvatn. «Men då vert tunnelen 4 kilometer lang og dermed over dobbelt så dyr, ikkje sant?!»

Nei, det er der reknestykket sviktar. Årsaka er at steinen ein tek ut der eidet er smalast, er av dårleg kvalitet – kan henda det er difor isen greidde å laga eit smalt eid her – og eignar seg stort sett berre til fylling, medan på det andre alternativet møter ein høgkvalitet stein det er lett å selja til England og til Kontinentet. Eg har ikkje sjekka prisane no, men i fjor låg dei på nær 100 kroner per tonn og stigande 5 prosent i året, medan utgiftene til tunneldrivinga pluss knusing og transport til Kontinentet ved stordrift var ca. 80 kroner per tonn = netto forteneste 15–20 kroner per tonn. Det burde vera nok til ferdigstilling av tunnelen og kan henda ein liten slump til statskassa. Dette så mykje desto meir som i og med mykje betre fjell, bør ein trenga mykje mindre til sikring av fjellet. I og med eit slikt økonomisk faktum, kan tunnelen lagast vesentleg større, så den kan ta alle skip, og i og med omvegen og trongt farvatn vert borte, er det meir tenleg og freistande å nytta den – for alle skip.

Storkonsernet Skanska har gjort undersøkingar i feltet når det gjeld dette alternativet, og konkludert at staden er godt eigna for ein eller to store tunnelar, og var så positive, at dei alt i 2001 tilbaud seg å stilla med utstyr og kapital. Tunnelen/ane kunne ha vore ferdige no.

Vel, vi sunnmøringar er stygge til å rekna på både kroner og millionar, og særleg når eit billeg eller gratis prosjekt vil gje eit mykje betre produkt enn eit dyrt eit. Og enno meir når eit storkonsern kan finansiera og koma fort i gong. Men både Stortinget og Regjeringa ligg altså i Oslo.