Du veit du har ein politisk motstandar framfor deg når du som medlem av Arbeiderpartiet blir kalla for «sosialist». Gjerne med trykk på s-ane, og ofte servert ikkje ulikt kjent amerikansk retorikk mot kommunisme. For tida skjer dette i alle media. Og med sterke åtvaringar om kva som vil skje dersom ein samarbeider med «den sosialistiske sida».

Om du googlar «sosialisme» (frå latin socius – følgesvenn, kamerat) kjem du til Wikipedia og får vite at dette er «en politisk ideologi som ønsker økonomisk likhet mellom samfunnsmedlemmene». Som AP-politikarar, «sosialist» – eller gjerne endå meir korrekt: «sosialdemokrat» – er mitt politiske hovudprosjekt at forskjellane blant folk i samfunnet vårt ikkje skal auke. Og ja, dette er ein kommentar til vegvalet KrF står overfor. Eg meiner at diskusjonen handlar om meir enn kven KrF som sentrumsparti skal samarbeide med. Dette handlar om demokratiet vårt. Om korleis vi som politikarar i alle politiske parti riggar oss for å skape god politikk.

Det er eit teikn på dårleg arbeidsmiljø om du som nytilsett berre er velkommen inn i varmen om du vel side og tar parti for ein av to partar som står i motsetning til kvarandre. Slikt blir det lite dynamikk og nytenking av. Like fullt blir det lite innflytelse og endring om ein vel å stå aleine. Det er ei krevjande øving å nøste opp i fastlåste konstellasjonar og deretter velje kva slags posisjon som gir best gjennomslag for å gjere ein god jobb.

Tidlegare i år kom ei viktig bok som skaper debatt verda over. «How democracies die», skriven av Harvard- professorane Steven Levitsky og Daniel Ziblatt. Dei er begge demokratiforskarar, og i boka går dei gjennom demokratiske samanbrot over heile verda. Konklusjonen deira er at moderne demokrati ikkje vil forsvinne i ein stor smell, men at dei blir svekka over tid. Denne prosessen er tidvis så snikande at folk knapt legg merke til kvar dei er på veg før det er for seint å snu. Polarisering, mistillit og frykta for det framande svekker demokratiet sitt grunnfundament. Toleranse og overbærenhet er demokratiets viktigaste grunnsteinar, skriv dei. Og viser til korleis desse er i ferd med å forvitre i USA, og at Europa kjem etter.

Det første steget i denne prosessen er polariseringa. Når politiske motstandarar blir til fiendar har vi eit problem. For å bevare demokratiet må vi anerkjenne politiske motstandarar som legitime, sjølv om ein ikkje er einig politisk. Derfor er det like uakseptabelt å stille spørsmålsteikn ved Frp sine motiv som å mistenkeleggjere partiet Rødt sine politiske beveggrunnar.

Og dette handlar også om blokkpolitikk. Vi har blokkdanningar i politikken når dei forskjellige partia går inn i eit organisert samarbeid til støtte for ei regjering eller gjennomføring av bestemte politiske mål. I våre naboland, Sverige og Danmark, har fleire av mine partifellar vore opptekne av å bryte denne blokkpolitikken. Tidlegare statsminister Helle Thorning-Schmidt var svært tydeleg på at ho ønskte slutt på blokkpolitikken og søkte breie samarbeid. «Blokkpolitikken er fordummande», meiner statsminister Stefan Löfven. «Uansett valgutfallet, bør denne kvelden bli blokkpolitikkens slutt», sa Løfven under valnatta i haust med det vanskelege valresultatet. Om han vil lykkast betre enn sin danske kollega står att å sjå.

For oppgåva med å løyse korleis Sverige best skal styrast etter at veljarane sa sitt, er enno ikkje løyst. Men det er spennande å følgje med på om dei makter å fri seg frå den sedvanlege blokktenkinga for å finne betre og meir demokratiske løysingar. Politikarar som i opne prosessar tør å tenkje utanfor boksen og sette spørsmålsteikn ved tradisjonell blokktenking – bør vere eit forbilde for oss alle.

Det er denne kampen KrF og Knut Arild Hareide står i om dagen. Han set ikkje eigne personlege omsyn først når han i tillegg til prosessen i eige parti, også opplever at andre politiske parti blandar seg inn. Sven Erik Omdal i Stavanger Aftenblad kommenterer at Erna Solberg var på besøk hos Angela Merkel i Tyskland då ho retta bogen mot Hareide. «Hun tenkte kanskje ikke over at Merkel har vært Europas mektigste statsleder i 13 år – nettopp fordi hun klarte å trekke sitt kristendemokratiskiske parti til venstre, mot sterke protester frå høyresiden». For tida regjerer Merkel saman med sosialdemokratane, og er ein kristendemokratisk suksess ved å samarbeide på kryss og tvers av blokkene.

«Dette er et politisk veivalg» seier Knut Arild Hareide. KrF som sentrumsparti står i vegkrysset. Derfrå går det vegar i ulike retningar. Knut Arild Hareide har peika på den kursen han meiner er best for partiet. Om partiet evner å samle seg for å gå vidare, står att å sjå.

Eva Vinje AurdalOrdførar i Ålesund

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.

The North West - Richard Florida på Parken kulturhus i Ålesund Ordfører i Ålesund, Eva Vinje Aurdal Foto: Staale Wattø sw@smp.no Foto: Staale Wattø