Då trudde vi alle at framtida for øysamfunna var sikra. No kan det sjå ut som heile prosjektet blir skrinlagt.

Elles undrar eg meg over kva konsekvensar det har for øyane å bli med i storkommunen Ålesund utan Nordøyvegen. Eit av hovudargumenta for at Sandøy kunne gå inn i storkommunen var vedtak om at Nordøyvegen skulle komme. Nordøyvegen er eit reiskap for effektiv drift av storkommunen Ålesund. Vidare er eg rysta over media (avisene Smp og RB). Makan til negativ framstilling skal ein leite lenge etter. Eg er overtydd om at dersom dei ville, er det fullt mogleg å framstille saka på ein meir positiv måte – i staden for å blåse opp fylkesrådmannens kostnadsdrivande utgreiingar. Dette er og med på å sette prosjektet i fare.