Eg har hatt verv i KrF frå slutten av 1960-åra. I 1970-80-åra hadde KrF opptil 43 % av røystene ved val i Giske kommune, og tre av sju i formannskapet. Andre kommunar, mellom anna Herøy, kan vise til liknande. Var det støtte og interesse for regjeringsmakt med venstresida som gav partiet slik oppslutning?

Nei, med Lars Korvald og Kåre Kristiansen i førarsetet hadde partiet stø kurs på ikkje-sosialistisk side. Slik har det vore fram til dei seinare år. Men så skjer det at det blir fremja forslag om at «partiskuta» skal legge ny kurs, og då rett venstre, utan at saka blir lagt fram for folket i val. Det er dette landsmøtet har sagt nei til.

Så merkar eg meg at avisa sin politiske redaktør skriv slik om vedtaket: «Med dette bryter partiet sitt klareste valgløfte fra valgkampen i 2017» Her bør han ta med meir. Frå landsmøtet i 2017 vart det gitt til kjenne to prinsipp: Ikkje gå i regjering med Frp og ikkje felle Solberg-regjeringa utan ei «alvorleg» sak. Eit nytt landsmøtevedtak løyser stortingsgruppa frå tidlegare vedtak og bind den til det nye. Hadde landsmøtet vedteke å gå i regjering med Ap og Sp, var gruppa løyst frå lovnaden om ikkje å felle Solberg-regjeringa. Med vedtaket landsmøtet no gjorde er den løyst frå lovnaden om ikkje å gå inn i noverande regjering.

Eg merker meg at Arne Sandnes (Sp) KrF ber om at partiet «ikkje må lyge». Er det ikkje slik også i Sp at eit nytt landsmøtevedtak avløyser det gamle?

Så blir «FrP-kortet» på nytt trekt, også i overskrifta. La eg få merke: Eg er djupt usamd i ein del standpunkt som Frp står for. Men no er det slik at Frp har ikkje all makt i regjeringa. Vi har vel fått med oss at torsdag 1. november vart statsministeren «grilla» av Fredrik Solvang om ein del av dette. Ho gav til kjenne at dette hadde ikkje vore tema i regjeringa. Dersom KrF kjem fram til semje med regjeringa skal der utarbeidast ei ny «regjeringsplattform». Eg er roleg for at Frp sine mest «ekstreme» standpunkt ikkje kjem med her.

Eg har merka meg at der har vore stor uro mellom veljarane for KrF sin situasjon og vegval. La oss no samle oss om KrF, og gi partiet den støtte og styrke dei treng for framleis å vere ein viktig politisk faktor i landet. Må KrF framleis vere ein reiskap for å trygge dei kristne grunnverdiane.

Kjell Furnes reknar med at dei mest «ekstreme» standpunkta til Frp ikkje kjem med i ei ny regjeringsplattform. Foto: FRIDE HARAM KLYKKEN