K-039/12 seier at reinseanlegget RA1 i Langevågen skal rustast opp, og at utsleppsleidninga skal forlengast til nordaust for Æhammarsvika. U2 skal overførast til eit nytt reinseanlegg RA14 på Sunde, og det skal etablerast slamavskiljarar ved U3 Eikrem og U11 Sulebust.

K-078/13 seier at RA14 på Sunde skal plasserast på Olamyra. Vedtaka slår altså fast at det skal vere eitt anlegg i Langevågen og eitt på Sunde.

K-025/16 seier at Sula kommunestyre er positiv til å utgreie bygging av felles reinseanlegg med Ålesund kommune. (…) Sula kommunestyre legg til grunn for utgreiinga at (…) K-039/12 skal følgast.

I utgreiinga til denne saka har Jørn Agersborg skrive følgjande saksopplysing: «Sula kommune har gjort vedtak om å bygge avlaupsrenseanlegg på Sunde i samsvar med vedtak i sak 039/12. Det er vidare gjort vedtak om plassering av avlaupsrenseanlegg på Sunde ...»

K-109/16 seier at ein skal fortsette samarbeidet med Ålesund kommune om eit felles reinseanlegg på Sunde. (…) handsaming av alt kommunalt avlaupsvatn på eit enkelt reinseanlegg lokalisert på Sunde. Vedteken strategi i K-039/12 vert å justere (…) alt kommunalt avlaupsvatn (…) i eit reinseanlegg lokalisert på Sunde.

I utgreiinga til saka har Joakim Sletta skrive følgande saksopplysing: «Sula kommune har gjort vedtak om å bygge avlaupsrenseanlegg på Sunde i samsvar med vedtak i sak K-039/12. Det er vidare gjort vedtak i sak K-025/16 om å utgreie bygging av felles avlaupsrenseanlegg med Ålesund kommune på Sunde».

I begge desse sakene er RA1 i Langevågen plutselig vekke, sjølv om det uttrykkelig er med i K-039/12. Eg har ikkje klart å finne eit einaste vedtak der det går fram at det skal vekk.

Eg har spurt om kor Agersborg og Sletta har desse saksopplysingane frå, og fekk dette svaret frå Agersborg: «I sak K-025/16 er det vist til to politiske vedtak; K-039/12 (…) og K-078/13. Det er i tillegg vist til varsel om start av regulering (…). I sak K-109/16 er det vist til to politiske vedtak; K-039/12 og K-025/16. (…)».

Men ingen av desse vedtaka seier at RA1 i Langevågen er vekke. Til slutt skriv Agersborg: «Dykkar kommentar (…) «Vedtaket om å oppgradere anlegget i Langevågen vert ikkje nemnt», vurderer vi som eit synspunkt, og vert slik ikkje å kommentere nærmare. (…)»

Nei, dette er ikkje eit «synspunkt». Det er eit faktum at RA1 i Langevågen har «forsvunne» frå saka. Eg har bede fleire gonger om å få vite kva for vedtak dette er basert på, men eg har ikkje fått svar.

Saksopplysingar i ei utgreiing tener som grunnlag for dei vedtak kommunestyret skal fatte. Difor er det heilt naudsynt at saksopplysingane må, og skal vere, korrekte. At RA1 i Langevågen er «forsvunne» frå saksopplysingane til K-025/16 og K-109/16 er såleis alvorleg, fordi det kan bety at kommunestyret har blitt villleia.