Lesarinnlegg:

«Nordøyvegsaka, berre ein veg?»

Mykje tyder på, at Nordøyvegsaka er så mykje, mykje meir enn berre ein veg.

Frps Frank Sve i debatt om Nordøyvegen.  Foto: Nils Harald Ånstad

Meninger

I dei siste åra har vi lagt merke til at sterke krefter på Molde og i fylkeshuset gong etter gong, bevisst forsøker å stikke kjeppar i hjula til større prosjekt og nødvendig utvikling på Sunnmøre.

Fylket sør for Romsdalsfjorden står for ein svært stor del av fylket, både i næringsutvikling og folketal, men opplever gong etter gong at saker vert forsøkt trenert og stoppa av desse kreftene. Vi ser no at Nordøyvegen vert forsøkt torpedert, fylkestingsvedtak vert galant hoppa bukk over og sentrale personar i fylkeshuset sine korridorar knip galant igjen auga og let det skje.

Overskriding på eit anbod på Nordøyvegen vert tetta igjen med nye inntekter, men det bryr ein seg fint lite om. Full omkamp frå fylkesrådmannen, og miljøet mot Sunnmøre får halde på. Ein milliard kroner i usikkerheit, ein ny milliard til renovering og 300 millionar til buss klarar Fylkeshuset på Molde å legge inn. Det er ikkje vanskeleg å få til himla høge tal med slike krumspring.

Siste store prosjekt som dette miljøet imot Sunnmøre har prestert, var ein open kamp for å forsøke å stoppe rassikringsprosjektet på FV 63 Eidsdal-Geiranger. Same leksa, men takka vere god hjelp frå nordmøringane Kristin Sørheim og Iver Nordset så vart denne saka berga. Ikkje lenge etter kjem klare meldingar om at fengselet på Sunnmøre ikkje skal støttast, og deira sanne ansikt kjem til syne. Sunnmøre skal skvisast. På Sunnmøre set naive sjeler, og trur pengane kjem «rekandes på ei fjøl» berre ein støttar Moldemiljøet med gigantprosjektet Møreaksen.

Sjukehuset på Åse treng sårt oppussing, men vi sit berre og ser på at helseføretaket går opp i limingane økonomisk. Kvar kutta kjem i framtida treng ein ikkje lure på. Ingen på fylkeshuset og i dette miljøet kjem til å gå i «fakkeltog» for Ålesund sjukehus. Molde har fått sin flunkande nye Romsdal VGS til 520 mill. kr. likeins opprusting av Fannefjordtunellen til nesten 400 millionar.

Vi har ikkje høyrt eit «PIP» ang. pressa fylkeskommunal økonomi frå fylkesrådmannen eller resten av miljøet om den milliarden som har tilkomme Moldeområdet dei siste åra, ei heller høyrde vi då noko frå personen som alltid brautar seg fram og støttar Guttelvik om den fylkeskommunale økonomien. Men Sunnmøre skal stoppast. Og det vi opplever no, rammar ikkje berre Sunnmøre. Eg forstår godt frustrasjonen på Nordmøre, som opplever mykje av det same. Torpedering av Nordøyvegen, gjev same skjebne for Todalsfjordkryssinga. Det drys heller ikkje særleg mykje med fylkeskommunale midlar over Nordmøre. Eg trur ikkje miljøet på fylkeshuset og i korridorane der arbeider så mykje for denne regionen heller.

Så folkens, vakn opp!

Skal vi berre sjå på at fylket sin største region endå ein gong skal verte taparen, og at miljøet på fylkeshuset i Molde skal styre det meste. Nordøyvegsaka er meir enn berre ein veg. Forsøket på ein total omkamp her er noko langt meir alvorleg, nemleg ein kamp om å kunne styre midlane i dette fylket til heilt andre område enn der fleirtalet av folk bur.

Skal vi berre sjå på at fylket sin ­største region endå ein gong skal verte taparen, og at miljøet på fylkeshuset i Molde skal styre det meste.