Parallelt med fagkunnskap skal elevar i vidaregåande skular lære å bli sosiale medmenneske, og dei skal utvikle og finne fram til sunne verdiar og haldningar. Innanfor samfunnsfaget lærer dei blant anna om personleg økonomi. Dei skal ha sunne haldningar til økonomi i sitt eige, private liv, men vi ser òg på temaet i eit samfunnsperspektiv, f.eks. økonomien i eit land, arbeidslivet eller politikken. Dei lærer at ein ikkje bør kjøpe hus, bil eller noko anna over evne.

I skulen skal elevane vere i fokus og dei er framtida. Eg er ikkje redd for framtida. Det er kjekt å sjå at ungdom deltar og er ein del av bildet i eit lokalsamfunn. Vi må for all del håpe at dei fortset å utmerke seg og har moglegheit til det fram i tid. Ein dag er det dei som skal vere aktive deltakarar i vårt fylke, andre plassar i Noreg, eller ein annan plass i verda for den del. Dei kan mykje og har mykje å tilføre oss andre i lokalsamfunna rundt omkring. Dei utfordrar oss og kritiserer oss, slik at samfunnet utviklar seg. Dei har mange gode verdiar sjølv, men sjølvsagt får òg dei kritikk, konstruktiv kritikk, iblant. Det går med andre ord føre seg ein læringsprosess heile tida. Eg har full tillit til ungdommen i dag. Dei er, og veks opp som realitetsorienterte og reflekterte menneske.

Så er spørsmålet om det er realistisk og reflektert å sette i gang milliardprosjekt i fylket? Budsjetta framover peikar nedover i utgangspunktet. Med Nordøyvegen stupar tala. Prestisjeprosjekt kostar. Kvar og korleis skal ein få pila til å peike oppover att? Dei vidaregåande skulane i fylket har vore drifta på ein ok måte så langt, men Møre og Romsdal bruker færre kroner per elev i vidaregåande skule enn dei fleste andre fylkeskommunane, så det skader ikkje å bruke enda meir pengar på ungdom og utdanning. Det kan sjåast på som prestisjeprosjekt. Korleis går det med elevar og samfunnsdeltakarar i framtida viss samferdselsprosjektet blir ein realitet? Eg har god tiltru til dei, som sagt, men det er vanskeleg å seie kva som skjer viss skulane må kutte drastisk i budsjetta sine. Vilkåra blir harde.

Kva er konsekvensane av betre, tettare og ny kostbar samferdsel? Kanskje må vi og dei folkevalde stoppe, sette oss ned og reflektere litt? Ein politikar som ser seg rundt og orienterer seg, og til slutt kanskje seier at dette ikkje går, får kanskje færre veljarar veka eller året etter. Men tillit blir bygd opp over tid. Når dagens ungdom har vorte vaksne innbyggjarar i fylket og lever i ein trygg og god kvardag med sunn fylkeskommuneøkonomi, ser dei kanskje på politikarane som sa nei no med respekt og takksemd. Kva er det verdt å satse på i Møre og Romsdal?