For å få draumane til å henge saman utan ferjelemmar, så reknast det med trafikkvekst. Opptil fleire prosent vekst årleg. På den måten blir det trafikkgrunnlag og fundament for bompengar. Milliardar av kroner.

Pengar som blir satsa alt på eitt veddemål. I framtida skal vi køyre endå meir bil enn vi gjer i dag.

Samtidig er det mange andre som jobbar veldig for at utsleppa skal gå ned, slik at vi bergar kloden vår. Det ser ut som eit prosjekt av typen som finst på børsen. Viss vi ikkje får stoppa trafikkveksten og oppvarminga av kloden, så klarer vi i alle fall å betale ned låna på fjordkryssingsprosjekta. Når nokon må tape for at andre skal vinne, så har det ein lei bismak.

Det kan hende at vi likevel må satse alt på eitt kort etter kvart. Eit samfunn som ikkje slepp ut klimagassar som kan gjere store delar av kloden vår uleveleg vil krevje meir drastiske løysingar jo lenger tid det går før vi verkeleg gjer noko.

Sjølv om biltrafikken slepp ut mindre med klimagassar pr. kilometer for kvart år, skjer det ikkje utsleppsfritt. Sjølv om ein køyrer bilen på straum eller noko anna som ikkje slepp ut CO2 direkte, så er det energibruk. All energibruk er også ein del av dette problemet. Skal vi kome i mål når det gjeld klima, så må vi køyre mindre.

Bygger vi store bruer og tunnelar, er vi nøydde til å køyre dei i årevis. Vel vi ferjene, så kan vi byte dei ut med meir effektive etter nokre år. Eller vi kan køyre dei saktare eller sjeldnare, i takt med nye behov.

Elles er det ein kostnadssprekk ingen av reknemeistrane har med for tida. Viss tunnelane og bruene kjem, då vil vi måtte bruke masse pengar på å kompensere for klimagassutsleppa denne trafikkveksten fører med seg. Det vil koste.