La det vere klart, eg er ingen motstandar av Nordøyvegen i seg sjølv, men innser at Møre og Romsdal fylkeskommune ikkje har økonomi til å løfte eit så stort prosjekt.

Nordøyvegen vil til dømes integrere nye Ålesund i ei tettare eining enn dagens situasjon og vil truleg gi positive effektar ved å knyte øyane til fastlandet ferjefritt. Men store prosjekt av denne typen har fleire sider og den største utfordringa i tillegg til storleik på investeringa er forholdet mellom kostnader og inntekter i tid.

Press på økonomien

Møre og Romsdal fylkeskommune har vedteke ambisiøse planar for grønare ferjedrift, store investeringar i vidaregåande skular og opprusting av fylkesvegar der det er stort etterslep. Desse tiltaka vil i seg sjølv setje press på økonomien til fylkeskommunen.

Vegprosjekt av typen Nordøyvegen har ein profil der kostnader kjem straks ein gjennomfører den fysiske utbygginga, medan inntekter kjem i framtida i form av bompengar m.m.

Kritisk periode

I starten av prosjektet vil årlege kostnader som rente, avdrag og drift vere større enn dei årlege inntektene. Til vanlege vil dei årlege inntektene auke raskare enn dei årlege kostnadene slik at på eit tidspunkt i framtida vil inntektene bli høgre enn kostnadene.

Når dette skjer er avhengig av rentenivå m.m. Om rentekostnadene til dømes stig høgt vil ein aldri nå dette skjeringspunktet, det skjedde i prosjektet med tunnel Ålesund – Vigra og førte til store tap for lokale bankar.

Perioden då årlege kostnader er høgre enn inntektene blir ofte den kritiske perioden for eit prosjekt som Nordøyvegen. Nettokostnadene må dekkast over driftsbudsjettet til i dette tilfellet fylkeskommunen og/eller ved at fylkeskommunen må take opp lån for å dekke renter og avdrag.

Redusere drifta

Uansett kva kalkyle som blir lagt til grunn, må fylkeskommunen take opp lån for å finansiere bygginga.

Desse låna kjem på toppen av lån som alt er planlagt til å finansiere modernisering av fylkesferjer, vidaregåande skular, fylkesvegar m.m.

Om fylkeskommunen ikkje skal gå «teknisk konkurs» ved at den ikkje greier å balansere det årlege driftsbudsjettet, må dei årlege meirkostnadene med Nordøyvegen dekkast ved redusert drift og/eller reduksjon i anna investering. Om ikkje vil staten overta styringa av fylkeskommunen.

Det fylkesrådmannen viser i sitt budsjettframlegg er at konsekvensane blir formidable for ein så liten organisasjon som Møre og Romsdal fylkeskommune. Sjølv om ein greier å redusere investeringane, kjem ein ikkje utanom store utfordringar i perioden før inntektene knytt til prosjektet blir større enn inntektene.

Kan ikkje samanliknast

Nordøyvegen blir samanlikna med Eiksundsambandet. Dette prosjektet var organisert slik at staten dekte mest 80 % av investeringane straks utbygginga var ferdig og resten blei dekt gjennom bompengar. På grunn av stor auke i fritidstrafikk frå øyane til Ørsta/Volda, Hornindal og Stryn blei prosjektet raskt nedbetalt.

I Nordøyvegen er ikkje staten inne med eit stort eingongsbeløp straks utbygginga er ferdig. Det er Møre og Romsdal fylkeskommune som har rolla som «stat» og Møre og Romsdal fylkeskommune har ingen oljefond. Heller ikkje kan fylkeskommunen skrive ut eigedomsskatt slik ein kommune kan gjere. Resultatet blir at nye Ålesund og lokalsamfunna langs Nordøyvegen får positive konsekvensar, medan nye Ålesund og spesielt resten av fylket får store negative konsekvensar i form av nedskjering av drift og utsetting av investeringar.

Kva kan ein gjere? Den største utfordringa med prosjektet er at investeringane med å bygge Nordøyvegen som ein samla pakke skaper ein større «pukkel» i nettokostnader enn eg meiner fylkeskommunen kan tole.

Enn om ein bygde tunnelar m.m. no og utsette den store brua til seinare. Det vil sjølvsagt også krevje store investeringar, men pukkelen blir lågare om enn lenger og lettare å tole. Enn om ein fekk staten til å finansiere i det minste delar av utbygginga gjennom eingongsløyving i staden for årlege tilskot?