Dette er sjølvsagt ironi og tull og tøys, men det kan verke som om mange trur at det er dette som vil kome til skje. At vi vil få eit nynorskpoliti som vil hemme all skriveglede. Men dette er saka, og det er viktig å understreke: Dette handlar om kommunen sitt administrasjonsspråk overfor publikum. I tillegg får tilsette i Ålesund kommunen lov til å velje om dei skal skrive nynorsk eller bokmål internt, medan det skal nyttast nynorsk eksternt. Elevane som har bokmål som hovudmål skal fortsetje med det, det som er vedtatt i skulekretsane vil vere som det har vore.

Men det blir himmelropande feil å snakke om eit språkleg diktatur når ein ser på det skeive makttilhøvet mellom nynorsk og bokmål. Nynorsken er allereie under stort press. Skepsisen har vore i stor i nabokommunane over å gå inn i Ålesund, og det har med mange ting å gjere, mellom anna det mange over fleire år har oppfatta som ein byarroganse frå Ålesund.

Eg er ålesundar sjølv, men har i tjue år budd i nabokommunen Skodje, og den byarrogansen kan eg delvis forstå og sjå no når eg gjennom mange år ser han frå andre sida av gjerdet.

Eg har snakka med fleire som tek til orde for at vi ikkje berre kan ha det som det har vore, med andre ord at ein muleg veg kan vere ein språknøytral kommmune. Som mangeårig tidlegare biblioteksjef i Ålesund kommune kan eg berre slå fast dette: Språknøytral betyr bokmål. Det trengst både uthaldenheit, vilje og ein stor porsjon staheit å vere ein nynorskbrukar i Ålesund kommune i dag. Når fekk du sist informasjon og/eller eit brev frå kommunen på nynorsk? Aldri, tenker eg. Språknøytral tyder berre at nynorsk blir tolerert, ingenting anna. Alle saksarkiv, kontorsystem, malar og skjema er på bokmål. Ein må gjere om på det meste, alt frå hilsen/helsing til vekedagar. Ein lagrar, og ber høgare makter at neste gong blir det på nynorsk. Det blei det aldri. Så var det å begynne med heile greia på nytt. Det var tidkrevande, men aller mest var det irriterande. Det var rein vilje som gjorde at eg fortsette.

Bokmål er overalt i ein dominerande posisjon, men eg har eit bestemt inntrykk av at folk flest, på generelt grunnlag, meiner at nynorsken må takast vare på, men at det passar best i dikt og sånn. Bokmålet i Ålesund har ein såpass dominerande posisjon i byen og kommunen at det vil knapt merkast når nynorsk blir administrasjonsspråk. Men når fire nynorskkommunar no blir ein del av nye Ålesund kommune, med eit administrasjonsspråk på bokmål, ville det nærmast ha vore som ei språkleg ekspropriering å rekne. Ingen bokmålskommune vil nokonsinne kome til å oppleve at dei mistar språket sitt. Ingen bokmålskommune vil nokonsinne kome til å oppleve å sjå så lite til språket sitt at nynorsk blir det einaste alternativet. Nynorsk som administrasjonsspråk kan også ha openberre fordelar for bokmålsfolk: Dei ungdommane som slit med nynorsken som sidemål kan få det litt lettare når dei no vil oppleve å få nynorsken naturleg inn via andre kanalar.

Kvifor skriv så eg nynorsk? Eg som er oppvaksen i Parkgata og på Lerstad og gått både på Aspøy og Nørvøy skule? Eg som gjekk på Fagerlia vidaregåande skule og brukte meg i elevrådet og sjekka om det gjekk an å nekte å skrive nynorsk og kome unna med det? Eg som hadde foreldre som kjempa mot «grautmålet» i den nye skulekretsen på Lerstad på slutten av syttitalet? Vi som lenge skreiv at vi budde på Kirkehaugen og ikkje Kyrkjehaugen? Eg argumenterte kunnskapslaust. Eg sa at eg snakka ikkje nynorsk, derfor såg eg heller ingen grunn til å skrive det. Men eg fniste av dei som sa «ikke» for det høyrdes så barnsleg ut. Kjære ålesundarar: Ingen snakkar nynorsk. Ingen snakkar bokmål. Dei er båe skriftspråk. Nynorsken er eit minste felles multiplum for dialektene. «Ho Mariann forstår ikkje at ho ikkje trenge å skrive nynorsk lenger no når ho jobba i Ålesund igjen», sa ein tidlegare kollega i Ålesund kommune. Omsett den setninga som eg har skrive på rein ålesundsdialekt til bokmål og deretter til nynorsk og sjå kva som ligg nærmast. Joda, det er ord i nynorsken du aldri brukar i daglegtalen din, men det er vel så mange bokmålsord. Sjølv gjorde eg eit heilt bevisst val for snart tjue år sidan, eg bestemte meg for å bruke det skriftspråket som var nærmast ålesundsdialekta mi.

For ei tid sidan møtte eg ein eldre mann på eit stort årsmøte her i Oslo kor eg har min andre heim. Han var invitert som professor emeritus i sitt fag, og som ein anerkjent fagbokforfattar. Ein akademikar av rang og han hadde budd i Oslo lenger enn eg har levd. Dialekta var avslepen, han måtte jo «snakke korrekt» då han kom til hovudstaden, sa han. Men han var oppvaksen inst i ein fjord på Sunnmøre, og hugsar godt somrane då byungdommen frå Ålesund kom på besøk. Han fortalde om latterleggjering av dialekta, om ungdommar som lata som om dei ikkje forsto «bonane». Han fortalde at denne latterleggjeringa var med på å gjere at han la frå seg nynorsken. Det ville i alle fall ikkje falle han inn å bruke nynorsk på universitetet. Etter kvart som vi snakka forandra dialekta seg meir og meir til barndommens talemåte, til det opprinnelege språket hans. Det handlar om tilhøyrigheit, hjartespråk og om språket som vår viktigaste identitetsmarkør. Vi ålesundarar må vokte oss vel for å ikkje gjere dei same feila på nytt overfor dei i kommunane rundt oss som allereie no fryktar ålesundsarrogansen.