Eg les òg at stryneordføraren er kritisk til at korkje Stryn, Stranda eller Skjåk har vore teke med på råd. Nemnde ordførar er redd at reiselivet vert skadelidande.

Eg trur dei aktuelle turistane har meir enn nok med til dømes Ørnefjellsvegen, vegen mellom Geiranger og Grotli samt riksvegen vidare til Stryn. Med så mykje fin natur som dei der får oppleva trur eg dei får metta si.

Eg er glad for at den freda gamle Strynefjellsvegen får vera slik den er, litt urøyvd og ein del av historia. Vonaleg vert der òg mindre av den uvettige vardebygginga av freda mosestein langsmed vegen.

Sissel Anita Øyen HareideEks Nord-Gudbrandsdøl busett i Volda

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.

Gamle strynefjellsveg bør få vere slik den er, som ein del av histora, meiner Sissel Anita Øyen Hareide.