Leserinnlegg:

«Nei til kutt i psykiatri-tenester»

Ørskog Arbeidarpartilag er sterkt uroa over at Helse Møre og Romsdal kjem med forslag om å legge ned sengepostar i det Distriktspsykiatriske senteret på Sjøholt (DPS).

llustrasjonsfoto. 

Meninger

Sjøholt DPS er eit tilbod til personar som bur i området og dekkjer kommunane Haram, Skodje, Ørskog, Stordal, Norddal, Stranda, Sykkylven og Ålesund, midtre bydel.

Ørskog Arbeidarpartilag kan ikkje akseptere at føretaket bygg ned pasienttilbod når satsingsområdet for spesialisthelsetenesta er å ha ein større vekst for behandling av psykisk sjuke menneske. Hausten 2018 vart det sett søkelys på den sårbare situasjonen som mange psykiatriske pasientar er i.

I nasjonale føringar vart det bestemt at psykiatrien skulle styrkast. Med nedskjeringane i Sjøholt DPS, kan vi risikere at pasientar med for kort liggetid i psykiatriske avdelingar, kjem i risikosona for eige liv og eiga helse.

Kompetansen i eit distriktspsykiatrisk senter er eit fagleg tyngdepunkt lokalt. Utgangspunktet for dei distriktspsykiatriske sentra er å vere tett på pasientane, til deira nærmiljø og det lokale tenestetilbodet.

Ørskog Arbeidarpartilag vil ikkje at pasientane og dei tilsette på Sjøholt DPS skal ofrast for å kunne redusere 200 årsverk i føretaket.

Vi må ta tilbake grunnverdiane i helsevesenet, omsorg, pleie og fokuset på faget og det å gi best mogleg behandling til pasientane.

Vi treng eit helsevesen der politikk og fag spelar på same lag og der god pasientbehandling står i sentrum.