Det Norske Veritas har vurdert sjansen for brann og motorstans samtidig i ein skipstunnel som realistisk ein gong pr. 840 000 år. Er denne risikoen for stor til at vi ikkje skal bygge ein skipstunnel, som den første i verda, med fokus på trygg ferdsel til havs? Er ikkje risikoen for oppleve ekstreme vêrforhold og fare for havari ved Stad litt høgre?

Kva som er dei vikarierande motiva for stadig å snakke ned satsinga på skipstunnelen veit eg ikkje, men no vonar eg det snart blir fokusert på verdiskapinga som skjer langs kysten i vårt område. Ifølgje SSB-tal for 2017 står Møre og Romsdal for 9,6 % av fastlandseksporten i Noreg. Målt etter innbyggartal eksporterer vi altså frå Møre og Romsdal for 150.440 kr pr. pers. I Sogn og Fjordane er dei hakk i hæl med 129.538 pr. innbyggar. Samanliknar vi med eksport pr. innbyggar i Norge så er talet 79.035,- og i Oslo leverer kvar innbyggar for gjennomsnittleg 10.233,-. No er dei rett nok gode på børs, finans og forsikring i Oslo, men snakkar vi om levert arbeidskapital, så er det her på Vestlandet verdiar blir skapt.

Ser vi på tala for fisk åleine, så står Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane for 26,7 % av fastlandseksporten. Altså 24.7 av 92,2 mrd. kjem frå fylka nærast Stad. Og då er det på høg tid at det også blir prioritert å bygge ein sikrare og meir føreseieleg arbeidskvardag for dei mange som lever av sjømat og næringar tilknytt eit livskraftig og uroleg hav.

Stad Skipstunnel har hatt 20 utgreiingar. Det held no. No er det tid for handling.

Lena Landsverk SandeOrdførar i Vanylven

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.

Lena Landsverk Sande i Vanylven (V). Foto: Knut Arne Aarset