Bompengenivået i ei framtidig kryssing av Romsdalsfjorden, blir betydeleg lågare enn det Statens vegvesen sjølv har antyda tidlegare.

I direkte informasjon frå Statens vegvesen har det tidlegare vore synleggjort eit nivå på over 600 kroner frå Ålesund og forbi Molde til Nordmøre.

Berre strekninga Ålesund- Molde har vorte synleggjort med venta om lag 500 kroner ein veg. Dette var ikkje nokon som nokon har «kome på» slik enkelte forsøker å teikne eit bilde av.

Framleis vert det betydelege bompengar frå Ålesund til Molde og vidare til Halsa på Nordmøre. I Ålesund er det planlagt bypakke med bompengar. Bompengar vert det truleg også på strekninga Vegsund–Moa. Vidare frå Moa til Sjøholt ved ei utbygging, kjem det nok også bompengar.

Frå Ørskogfjellet til vik er det synleggjort 30 kroner. Vidare over fjorden: 144 kroner. I Statens vegvesen si analyse er det sagt at strekninga frå Julsundet og i ny veg samt ein omfattande tunnel bak Molde by vert gratis utan bompengar. Det står igjen å sjå, vi tvilar eigentleg på om dette er rett, men håpar sjølvsagt.

Vidare vert det bypakke i Molde, og bompengar er planlagt i to nivå og traseane ut frå Molde mot Hjelset. Heile den siste strekninga er i NTP planlagt fullt og heilt med bompengar.

Dette betyr at for dei reisande frå Sunnmøre som skal igjennom fylket, vert det ikkje over 600 kroner i bompengar, men det vert betydelege kostnadar i fleire hundrekroner-klassa.

For reisande frå til dømes Vestnes som skal på det nye sjukehuset på Hjelset, vert det uansett svært kostbart tur/retur.

I regjeringserklæringa som eg var med på å vedta i Oslo torsdag, er det svært bra at Frp har fått gjennomslag for betydelege kutt i bompengar i framtida. Over ein milliard kroner skal brukast for å ta ned desse kostnadane for folk flest.

Det vert også innført eit skattefråtrekk for bompengebruk, som vert viktig for folk flest.

At bompengenivået på våre vegprosjekt her i fylket kan bli vesentleg lågare enn fyrst anslått, er svært gledeleg. Så må vi nok vente og sjå på kva den endelege fasiten vert med bompengar i kryssinga av Romsdalsfjorden, med vegsystema sør og nord om fjorden som må på plass før trafikk kan setjast på.

Ein konklusjon som vi også klart kan slå fast, er at Romsdalsaksen-alternativet såleis vil koste berre 144 kroner over fjorden, då dette prosjektet ikkje trenge omfattande milliardprosjekt ved andre tilkoplingsvegar nord og sør om fjorden.

Her slepp ein alle kostnadane ved å køyre igjennom byen, og bompengane vidare mot Hjelset.

Frp kjem til å kjempe for at all vegbygging her i landet skjer heilt utan bompengar. Og, det er berre Frp som kjempar mot bompengar, og vi er såleis svært nøgde med at den nye fleirtalsregjeringa skal kutte bompengenivået ytterlegare. Det vert merkbart også i vårt fylke.