Vi kjenner likevel på eit stort ansvar for folket i Møre og Romsdal sitt ve og vel. Det er difor direkte smertefullt å sjå på det som no utspelar seg innan Helse Møre og Romsdal og Helse Midt: Mangel på pengar som gjer at gode tilbod for folket vårt står i fare for å bli lagde ned, og tilsette som må ha det temmeleg trasig på jobben om dagen med stor usikkerheit for både seg sjølve og for pasientane sine.

Fylkestinget har protestert på den omfordelinga av pengar innan Helse Midt som fann stad då Magnussen-utvalet sin modell vart tatt i bruk. Vi har også påvist at dette fall dårleg ut for folket i Møre og Romsdal. Vi veit også at Møre og Romsdal sine representantar i dåverande styre protesterte kraftig. Vi må igjen kreve at det blir ein skikkeleg gjennomgang av dette, men vi veit at slikt tar tid.

I mellomtida må leiinga i Helse Møre og Romsdal tenkje seg om, og finne ein annan måte å drive sjukehusa og rehabiliteringsentera våre på i samarbeid med kommunane som skal ta heim att pasientane etter endt behandling.

Meir av den medisinen vi har sett dei siste åra, kan det ikkje vere nytte i.

Slepp fagfolka fri! Få dei med på laget og la dei få kome med sine idear om korleis vi kan drive sjukehusa meir til nytte for pasientane.

Eg har av og til litt innblikk i systemet, og har i alle fall sett to ting som eg set spørsmålsteikn med. Legane og sjukepleiarane får stadig meir krav om rapportering hengande over seg, og staben av kontrollørar og papirflyttarar aukar. Dette aukar ikkje behandlingsmengda og dermed heller ikkje innteninga i sjukehusa.

Ta dei gode samtalane med dei som behandlar pasientar og utløys kreativitet og vilje. Eg er ikkje redd for anarki av den grunn.

Eg er redd for at vi utan litt meir optimisme, kan misse flinke fagfolk som aller helst vil utøve faget sitt.

Det andre eg meiner å ha sett er at det ikkje er godt nok samarbeid mellom sjukehusa innan Møre og Romsdal.

Kanskje det har noko å gjere med frykta for å misse funksjonar eller bli nedlagt. Vi kan få til meir spesialisering og oppgåvefordeling mellom sjukehusa enn det er i dag utan å rokke ved akuttfuksjonen.

Då sikrar vi masse i behandlinga, og gode spesialistar for pasientane, samstundes med at sjukehusa sikrar seg betre inntening og at det naudsynt at dei er der.

Vi kan ikkje halde fram som no. Det er ikkje framtidsretta.