No er det visst på statleg nivå sett ned ei nemnd som skal finne ut korleis vi skal stimulere til å få fleire born fødde i Noreg, og statsministeren nyttar nyttårstalen sin til å oppmode om at vi no må gjere ein innsats for å skaffe fleire innbyggarar. Det hadde vore bra for landet vårt, seier statsminister Erna Solberg.

Dette innlegget er ikkje meint som eit innspel i saka om å endre gjeldande asylpolitikk. Det eg no ber om hjelp til er å forklare korleis vi kan ha ein politikk som er tydeleg på kva som gir opphald, medan vi samtidig seier til asylsøkjarar at dei ikkje får opphald, fordi vi ikkje trur det de seier.

Kristne nok?: Kva skal til for at asylsøkjarar skal bli trudd på at dei har konvertert til kristendommen når dåp og deltaking i kristne miljø her i Norge ikkje er nok? Det er nokre av spørsmåla som blir stilt i dette innlegget. Foto: Gorm Kallestad / NTB Scanpix (illustrasjonsbilde

På Utlendingsnemnda (UNE) sine sider står det at afghanarar som reknast å ha konvertert frå islam til kristendommen, har eit beskyttelsesbehov og får opphald i Norge.

Dei peikar samtidig på at situasjonen er ulik i forskjellige land, men når det gjeld Afghanistan er UNE sin praksis heilt klar: UNE meiner at personar som har konvertert frå islam til kristendommen risikerer forfølging ved retur. Dei har eit beskyttelsesbehov og får opphald i Norge. Vidare står det: Dei personane som UNE meiner ikkje har konvertert, får ikkje beskyttelse.

Då er mitt spørsmål: Kva er konvertert? I Vanylven har vi ein familie frå Afghanistan, der to av tre vart døypte til kristendomen før dei kom til Norge. Den tredje vart døypt her i landet. Men likevel får dei ikkje beskyttelse fordi retten ikkje trur at dei snakkar sant.

Ei dåpshandling kan vel dokumenterast? Og er dei døypte, så må dei vel vere konvertittar, sjølv om dei ikkje har same kunnskapen om kristendomen som vi som har vakse opp i Noreg har? Frå før har ei syster fått opphald i Sverige av same grunn, men her i Noreg blir ein ikkje rekna som truverdig ved å hevde det same. Dette forundrar meg, og gjer meg fortvila.

Vi veit at desse ikkje kan kome tilbake til Afghanistan utan å risikere livet, men like fullt må dei reise, fordi norske myndigheiter trur dei lyg.

Eg likar ikkje at nokon er uærlege. Eg likar ikkje å gå imot det som styresmaktene har sett som vårt regelsett. Om vi har eit regelverk, så bør dette følgjast. Men eg lurer eg på korleis det er råd å meine at nokon som deltek i kristne miljø her, som deler det kristne ord på ulike nettstadar og som har valt å døype seg i den kristne tru, ikkje kan reknast som kristne?

Eg blir rekna som kristen om eg tek ein tur i kyrkja annakvart år. Er du konvertitt blir det forventa at du skal ha regelmessige besøk i kyrkja, du skal vite når du har vore der, og du skal vite kva du tenkte i den augneblinken du vart døypt.

Eg skjønar at det må stillast krav, men eg undrar meg over korleis kristne medlemar vitnar om deira deltaking i ulike kristne miljø, medan retten vurderer dårleg hugs om kva som skjedde for fleire år som vitnemål om at dei ikkje snakkar sant. Spør meg med to vekers mellomrom om å skildre ei hending eg var med på for tre månader sidan. Det er slett ikkje sikkert du vil få same svaret to gongar på rad.

Av dei tre i denne familien som ikkje får opphald har vi ein ung far med ei to år gammal dotter. Ho er fødd i Norge, og har lovleg opphald. Far har eineomsorg for barnet, og har fått avslag på opphald. Barnevernet stadfestar at barnet må i fosterheim dersom far blir sendt ut av landet. Skal Noreg ta frå dette barnet faren hennar? Er det ikkje ein menneskerett å få vere hos sin far, når mor ikkje kan ta ansvaret? Kan vi med godt samvit ta frå dette barnet far, onkel og bestemor – og vere trygge på at vi ikkje sender dei rett i døden?

Kan nokon gje gode svar på kva vi kan gjere for å hjelpe familien? Korleis går vi fram? Kven kontaktar vi? Å gå rettens veg medfører store kostnadar. Og er det nokon vits å gå til sak når motparten er staten, som har økonomi til å halde fram i rettsvesenet i runde etter runde?

Familien treng hjelp. Dei er djupt fortvila. Vi har etablert ei støttegruppe, og samlar inn pengar via vipps. Men er retten vegen å gå, med slike odds?