Det undrar meg storleg, for der er rikeleg med utmark ovanfor riksvegen mellom Vadset og Eidsvik-eidet – ja, heilt utover til det vi gamle tennfjordingane kalla Hagen – mot Slyngstad.

Eg vil be om ei forklaring på dette frå kompetente folk i Haram kommune – helst frå ordføraren. Om eg ikkje tek heilt feil, tilhøyrer han Senterpartiet, og burde vite noko om slike ting.

Hadde gardane i Tennfjord ligge brakk og grodd igjen, skulle eg ikkje sagt eit ord! Men graset på desse gardane vert kvart år slått av gardbrukarar som driv fellesbruk og treng sårt dei grasstråa dei kan få tak i. Korleis skal dei få tak i gras til kyrne sine om ikkje frå dei bruka som ikkje no vert drivne, som dei vart før?

Om ikkje ordføraren i Haram vil/kan svare på spørsmålet mitt, må eg kanskje vende meg til ordføraren i komande storkommune – Ålesund, og høyre kva ho meiner om saka!