Det kom frå meldarar i Nordfjord, søre, ytre, indre, nordre Sunnmøre (..ikkje minst i og rundt om Ålesund og Borgund) og Romsdal, spesielt områda sør om Romsdalsfjorden. I tillegg fekk vi faktisk då (i telegram, -faks og fasttelefon-tida) like tidsaktuelle nyhende frå både nære og fjerne regionar i landet, som det avisa kan presentere i dag.

Dessutan fekk vi mykje oftare fleire kommentar – redaksjonelt, og som innspel frå eksternt faste og tilfeldige skribentar, både til politiske saker og elles. Og heldigvis – så hadde ikkje redaksjonen (før Twitter o.a.) same lettvinte tilgjenge til politiloggane som i dag. Då slapp vi å bli bombardert dagleg med uinteressante meldingar om folk som i meir eller mindre rusa tilstand (?) hadde mist kontrollen.

Derimot sørga tidlegare journalistar eller meldarar rundt om i alle delar av distriktet for at vi oftare fekk ein jamn straum med nytt om næring og kultur og elles på kva område som det verkeleg skjedde noko. Dei fora i alle fall organet med originalt nye og interessante kunnskapar.

Eg minnest med glede og nostalgi tida då avisa hadde personlegdomar som skribentar (kunne ha nemnt i fleng) som oppsøkte hendingar og stadar og skreiv og fotograferte.

Og i dag?

Jau, avisa er først og fremst blitt eit reklameorgan (somme tider halve sidetalet) som «rettferdiggjer seg» med, i tillegg til stoff frå nettet, jamt over ved å presentere berre nokre få originale (?) saker kvar dag og då helst frå innanfor det som i vårt distrikt er «ring 3» (bygrensa).

Elles er det som regel meldingar frå ulike nasjonale og internasjonale byrå, ulikt stoff som ofte er «tidlegare vist i» eller gjengjevingar frå lokalaviser innanfor same eigarselskap, artiklar frå fagblad, teikneseriar, meldingar om personalia og offentlege meldingar.

Eg meiner at det beste og mest interessante lesestoffet som oftast kjem frå ulike fagpersonar og til dels engasjerte lesarar som brenn for ulike politiske saker, eller som reagerer på andre lesarar sine innlegg.

Så, Sunnmørsposten; Eg er irritert over at «avisa mi» berre er blitt ein skugge av seg sjølv og har fråteke meg lysta til å abonnere. Det er berre «kjensla» av at eg trur eg må ha ho, som held meg attende.

Så skjerp dokke, før avisa berre vert ein parodi på kva de kunne vere!

Odd Jarle Ertresvåg, Volda