I Bergens Tidende kunne ein lese ein leiar 16. januar om at frivillige kan ikkje fjerne plasten aleine. Eg tenkte å utdjupe tanken litt meir, fordi eg er heilt einig med dette.

For nokre år sidan var dette eit problem som myndigheitene meinte at frivillige kunne takle. Litt rydding i fjøra gjer vel susen.

No er det slik at vi treng både båtar og utstyr for å gjere denne jobben.

Plasten ligg ikkje berre synleg, slik at det er lett å plukke. Det er nemleg ikkje lett å plukke med seg eit stort kjøleskap, ein havarert laksefarm, ein trålpose eller ta med seg alle millionane med småbitar av plast og isopor som ligg langt nedover i jordsmonnet.

Her må eg presisere; Eg snakkar ikkje her om dei som er med ein gang i året og gjer ein fantastisk flott innsats på stranda si i mai, men om dei som engasjerer seg enda litt til, og plukkar heile året.

Det kan vere frivillige som ikkje får betalt for arbeidet sitt og gjer det av eigen interesse, og det kan vere frivillige organisasjonar som får dekka litt av utgiftene sine for å jobbe med dette.

Plukkar og plukkar og plukkar …

Dei som er ute i terrenget plukkar meir enn ein liten sekk. Berre syner til Isabella Lang som har plukka over 50 sekkar i Mulevika (Herøy kommune) og det er enda ikkje tomt.

Eg viser også til Plastpiratene på Lepsøya som (med få personar) har plukka 22 tonn på eit lite område, fordi dei må plukke opp att på same plassen fleire gongar i veka på grunn av tilsig av nytt avfall. Det vert aldri tomt.

Vanskeleg og utilgjengeleg

Det er ikkje småtteri som kjem inn langs kysten vår, og det er ikkje berre strendene som er råka.

Rullessteintrender, hamner, svaberg, moloar og fyllingar er fulle av smått og stort som er vanskeleg å hente ut.

Bratt og vanskeleg terreng er ein risikosport for dei frivillige og ein må kjenne området godt for å vite kvar ein skal gå. Store ting ligg ofte og brekk opp i små bitar i terrenget, slik at vi til slutt har vi den berømte mikroplasten som vi ikkje greier å få med oss i strandryddesekken.

Mange meiner det er ein rett å få «brenne bos» i fjøra si og med det vere ein del av forsøplinga. Eg har ikkje tal på kor mykje halvsvidde beger og ketchupflasker eg har funne.

Heldigvis har ikkje eg funne halvsvidde maursyrekanner enda, dei er framleis heile. Dei vanlegaste funna i villfyllingar på søre er bilbatteri, dekk med og utan felg og asbestplater.

Vi må slutte å bruke naturen som vår eigen søppelplass, og nei, det er ikkje din rett til å brenne søppel eller dumpe det i ei eiga fylling.

Det er ulovleg og vil bli meldt. Mest sannsynleg til ein kommune som trur den ikkje har mynde til å agere.

Sviktande motivasjon

Eg ser at frivillige slit med motivasjonen sin. Dei plukkar så mykje dei kan, berre for at to dagar seinare har stranda fylt seg opp att. Slik kan vi ikkje ha det, for kven skal erstatte desse når dei er leie?

Mange frivillige møter også veggen fordi dei ser at dette er eit problem dei ikkje kan gjere noko med.

Det vanlegaste eg høyrer er «Det vert aldri tomt» og «eg får så dårleg samvit», og då er det ikkje vanskeleg å forstå at det ikkje er lenge før det går tomt med dei også med dårleg samvit.

Eg ser også at dei frivillige organisasjonane slit med å få til tiltak som varer meir i eitt år, fordi midlane til Miljødirektoratet eller andre givarar går frå år til år. Enda hardare å tenkje langsiktig inn mot arbeidet som ein skal gjere. Men langsiktige midlar kunne dei tatt ei tydelegare rolle og vi kunne fått meir for pengane som det vert lagt inn i arbeidet.

Det manglar kunnskap om kor omfattande forsøplinga av kysten er, og korleis vi på best mogleg måte kan fjerne den og kor mykje dette vil koste.

Vi må innsjå at dette er eit mykje større problem enn vi trur. Vi må ha fleire på bana for å få bukt med utfordringa. Vi treng å gjere dette til eit nasjonalt ansvar.

Vi kan ikkje berre la frivillige ta støyten for forsøplinga.