Klinikksjef for barn, unge og kvinner i Helse Møre og Romsdal, Henrik Erdal, kom på styremøtet 27.03.2019 med argument for å leggje ned fødeavdelinga i Kristiansund.

Han meinte at fødeavdelinga var for lita og for dårleg til å levere gode og trygge fødslar.

Erdal brukte særleg tal på keisarsnitt i Kristiansund og Molde siste året som skulle vere prov på dette.

Talet på keisarsnitt endrar seg frå år til år, så å bruke tal frå eit enkelt år blir ikkje rett, det er misbruk av statistikk.

Eg har sett på tal for keisarsnitt i prosent av det totale tal på fødslar for åra frå 2010 til og med 2017 som er siste år som er med i statistikkane.

Eg har brukt statistikkane til rekne ut gjennomsnittstal for keisarsnitt for alle sjukehusa i Møre og Romsdal, eg tok også med Ullevål som har meir enn 7000 fødslar i året.

Kristiansund 18,6%

Molde 19,1%

Ålesund 15,7%

Volda 13,0%

Ullevål 18,3%

Ein ser at tala for Molde og Kristiansund er ganske like, Kristiansund litt betre.

Om ein følgjer grunngjevinga til klinikksjef Henrik Erdal er fødeavdelinga i Volda den klart beste fødeavdelinga i HMR, den er og langt betre enn fødeavdelinga på Ullevål.

Eg såg også på andre opplysningar om fødslar som statistikkane viser, der var det særleg eit inngrep under fødsel som merka seg ut.

Det var noko ein kallar Episotomt pr. 1000 fødslar. Episiotomi betyr å klippe større opning under ein fødsel. Dette er noko ein helst skal ungå, då kvinner kan få plager etter fødselen.

Klipping bruker fødeavdelinga i Molde ofte, ser ein på dei siste åtte åra er fødeavdelinga i Molde den fødeavdelinga i Norge som bruker klipping mest.

Gjennomsnitt for dei siste åtte åra for Molde er 260 pr. 1000 fødslar. For Kristiansund er talet langt lågare 89,5 pr. 1000 fødslar. Ein ser og at St. Olav og Kristiansund ligg ganske likt.

Kvifor kom ikkje klinikksjef Henrik Erdal med desse tala?

Ein kan spørje om styret i Helse Møre og Romsdal har granska desse statistikkane. Eg trur dei baserer det sitt vedtak kun på opplysningane dei har fått frå Henrik Erdal.

Det er ikkje underleg at kommunane på Nordmøre opphevar samarbeidsavtalane dei har med Helse Møre og Romsdal.