17. mai finn vi fram flagget og feirer at vi lever i eit land med fred, fridom og demokrati. Det er verdiar vi bør vere stolte av. Men nokon av dei norske verdiane som vert målt i kroner og øre, og som vi sparar opp gjennom vårt felles oljefond, tener vi altså på krig.

Gjennom Oljefondet har kvar og ein av oss investert tusenvis av kroner i den internasjonale våpenindustrien. Nokon av våpena vert brukt ulovleg i krig. Dei drep born og andre sivile. Det er våpen som du og eg tener pengar på, og våpenpengane sparer vi til komande generasjonar. Oljefondet eig titals milliardar kroner i 40 av dei største våpenselskapa i verda. I tillegg estimerer vi at fondet er eigar i opp mot 400 produsentar av våpen eller nøkkelkomponentar til våpen.

Eit eksempel er det amerikanske våpenselskapet Raytheon, der Oljefondet vårt eig aksjar for over 3,6 milliardar kroner. Selskapet sel bomber til Saudi-Arabia, og vi veit at desse bombene vert brukt mot sivile. Restar frå Raytheons bomber har nemleg blitt funne etter fleire flyangrep i Jemen. Blant anna har dei blitt brukt til å angripe ein skule, eit bustadområde, eit køyretøy og eit bryllaup. Til saman 23 born vart drepne i dei to sistnemnde angrepa. Den yngste var bare eitt år.

Når vi investerer i våpenindustrien i dag, risikerer vi å tene pengar på at born og andre sivile vert angripne i morgon. For det er vanskelig å vite kor våpen vert selt vidare og kor dei ender opp i framtida.

Eg vil ikkje at vi skal byggje verdiar for framtida på verksemd som tek liv av born. Eg vil ikkje eige ei krone, og i alle tilfelle ikkje 10 000 kroner, i våpenindustrien. Eg vil ikkje vere ein våpenhandlar.

Eg vil at verdiane i Oljefondet skal vere dei same verdiane som vi feirar i morgon. Eg vil at vi på 17. mai, borna sin dag, skal kunne gratulere Noreg med dagen, utan å tenkje at vi bygger landet på våpen som drep born. Saman må vi krevje at Oljefondet sluttar å investere i våpen.

I kveld legg born i heile Noreg seg trygt under dyna, fulle av gode forventingar til morgondagen. Eg skulle ønske det gjaldt alle born i verda.