Det går fram av artikkelen at vi i Møre og Romsdal ligg desidert på botn når det gjeld undersøkingar. At danskane har 6 gonger så mange undersøkingar som oss får så vere, men at andre vi samanliknar oss med her i landet har eit mykje betre tilbod enn oss, kan vi ikkje godta.

No håper eg alle som kan, stiller opp for denne saka. Eg veit at engasjementet for Ålesund sjukehus er stort i regionen vår. Kanskje kan vi vise styrke, om nødvendig f.eks. ved at folk og næringsliv saman med kommunar bidreg til at det økonomiske grunnlaget blir så godt at denne saka får ei god og framtidsretta løysing for oss som bor i denne delen av landet.

Eg ynskjer kreftavdelinga i Ålesund og deira flinke fagfolk lukke til, med håp om at vi får eit nytt og svært viktig tilbod ved sjukehuset i Ålesund.