«Ja til PET-skanning ved Ålesund sjukehus»

Bjørn Sandnes ville gått i fakkeltog for denne saka, skriv han i lesarinnlegget.

HAR LOKALE: Kreftavdelinga ved Ålesund sjukehus har lokale til å plassere utstyr til PET-scanning (ei undersøking der kroppen skannast etter injeksjon av radioaktivt merka sukker. Dette gjerast for å påvise ulike sjukdommar.  Foto: Staale Wattø

Meninger

Eg las med stor interesse ein artikkel i Sumpen den 21. januar om mogelegheit for å få PET-skanning til Ålesund. Det er sjeldan eg føler behov for å gå i fakkeltog for ei sak, men i dette tilfellet ville eg så absolutt stilt opp.


Det går fram av artikkelen at vi i Møre og Romsdal ligg desidert på botn når det gjeld undersøkingar. At danskane har 6 gonger så mange undersøkingar som oss får så vere, men at andre vi samanliknar oss med her i landet har eit mykje betre tilbod enn oss, kan vi ikkje godta.

Av eiga erfaring har eg også fått føle på kroppen kva ei slik undersøking betyr. Ein søknad om PET-skanning i Bergen frå ein høgst oppegåande lege ved kreftavdelinga i Ålesund for nokre år sidan, gjorde at eg fekk gjennomført ei slik undersøking. Kort sagt førte dette til at eg fekk gjennomført ein livsviktig operasjon som det i utgangspunktet var konkludert med ikkje skulle gjennomførast. For meg var dette opninga for eit liv vidare, ja, eit godt liv utan kreft i kroppen.

Ålesund sjukehus har likevel plass til PET-skanning

Fredag kommer en rapport om PET-skanning ved Ålesund sjukehus. Lederen av utvalget sier han er gledelig overraska over det de har funnet.


No håper eg alle som kan, stiller opp for denne saka. Eg veit at engasjementet for Ålesund sjukehus er stort i regionen vår. Kanskje kan vi vise styrke, om nødvendig f.eks. ved at folk og næringsliv saman med kommunar bidreg til at det økonomiske grunnlaget blir så godt at denne saka får ei god og framtidsretta løysing for oss som bor i denne delen av landet.

Eg ynskjer kreftavdelinga i Ålesund og deira flinke fagfolk lukke til, med håp om at vi får eit nytt og svært viktig tilbod ved sjukehuset i Ålesund.