Lesarinnlegg

«Nynorsk. Again»

Meninger

Eg er ikkje det minste overraska over Høgre, men eg er overraska over ordføraren i heimbygda mi, Dag Olav Tennfjord. Og eg er særs overraska over dette etter kommunikasjonen Noregs Mållag har hatt med den same ordføraren. Jaså, så de ønskjer ikkje tvinge folk. Nynorskfolk blir heller ikkje tvinga til å skrive bokmål, men vi møter motstand kva einaste dag.

Eg har ikkje alltid skrive nynorsk, eg var også blant dei som i si tid måtte. Men det gjekk bra. Og eg vil seie litt om kva språknøytral vil seie: Det betyr bokmål. Eg har vore tilsett nynorskbrukar i språknøytrale Ålesund kommune i 11 år. Det betyr å bli motarbeidd i det stille konstant. Alle malar i kontorsystemet, sakshandsaming, skilting, rettleiing, ALT er på bokmål. Absolutt alt. Det krev vilje, dedikasjon og staheit å skrive nynorsk i ein språknøytral kommune. Ingen kan nokosinne vise til å ha fått eit brev frå Ålesund kommune på nynorsk. Ålesund er bokmålsøya i nynorskhavet, og den ålesundarrogansen som mange i bygdene har frykta etter denne kommunesamanslåinga, kunne de klart å unngå ved å lat administrasjonsspråket vere nynorsk.

Alt av indre kommunikasjon, e-postar m.m. vil vere mogleg på bokmål likevel. I staden blir det konstruert fiendebilde av nynorsken og at «Ivar Aasen ville ikke ha tvang». Nei, Ivar ville at folk skulle få skrive slik dei snakka, på talemålet sin grunn. Monica Molvær konstruerer også problem rundt at folk ikkje ville søke jobbar i fylkeskommunen grunna nynorsken. No må de jaggu ta dykk saman! Og dette seier eg til deg også Eva Vinje Aurdal, som har forfekta denne tullete nøytralitetslinja. Nøytralitet betyr at nynorsken blir tolerert, ingenting anna.

Eg gremmast.