« Både Høgre og AP vil ikkje høyre snakk om flytebruer og Romsdalsaksen, og dette er rein feigheit for dei fryktar svaret»

Svaret dersom ein gjennomførte likeverdig utgreiing av flytebruer og Romsdalsaksen er tydeleg og klart for dei fleste her i fylket.

Ingen som eg har snakka med verken på Sunnmøre, i Romsdalen eller på Nordmøre, ynskjer Møreaksen med ein tunnel ned på 400 m under fjorden.

Ei heller er det ingen som eg har snakka med, som går i « fakkeltog» for å betale Molde sin bompengepakke, ved å køyre E-39 gjennom Molde for å køyre gjennom fylket.

I siste fylkesdebatt var det interessant å høyre at også KrF hadde snudd i spørsmålet om utgreiing av flytebruer og Romsdalsaksen.

Då står det berre igjen Høgre og AP her i fylket, som tviheld på gammal teknologi og ei løysing for kryssing av Romsdalsfjorden som ingen vil ha.

Møre og Romsdal FrP arbeidar iherdig inn mot stortingsgruppa, og partiet for at utgreiing av flytebruer og Romsdalsaksen vert lagt inn til neste NTP i 2021.

Det nye fylkestinget til hausten vil dersom du ynskjer det, få eit stort fleirtal som krev ei slik utgreiing.

Det er ditt val. Stem FrP ved fylkestingsvalet den 9 september 2019.