Alle elevar har rett til eit godt skulemiljø. Kampen mot mobbing er ei veldig viktig sak for KrF. Vi er difor veldig glade for at Møre og Romsdal endeleg har fått sitt eige mobbeombod, etter at KrF har løfta fram dette som ei viktig sak over fleire år.

Mobbeombodet er ein uavhengig kontaktperson som alle kan ta kontakt med for hjelp eller rettleiing i ei mobbesak.

Mobbeombodet talar barna og elevane si sak, og kan blant anna vere ein samtalepart for barn, ungdom, føresette og alle som jobbar med barn og unge. I tillegg til å gje råd om korleis ein kan gå fram og skape dialog, jobbar mobbeombodet med førebyggande arbeid.

Mobbeombodet si viktigaste oppgåve er å passe på at alle barn sin rett til å ha det bra i skulen og barnehagane blir oppfylt.

Mobbing utgjer ei krenking av menneskeverdet og er øydeleggjande for heile samfunnet. Kjell Magne Bondevik var den fyrste statsministeren som verkeleg løfta mobbeproblematikken opp som eit viktig samfunnstema, og Bondevik II-regjeringa lanserte den fyrste handlingsplanen mot mobbing.

KrF har som visjon at alle elevar skal oppleve ein mobbefri kvardag, og trur at mobbeombodet i Møre og Romsdal kan bidra til at vi kjem nærare denne visjonen saman med andre gode hjelparar.

Victoria Smenes2. kandidat Møre og Romsdal KrF

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til debatt@smp.no