Det er ikkje ofte politiske leiarar får ros. Sidan eg korkje har stemt på dei eller hatt personleg fordel av deira leiing, vil eg gjerne gje ros til ordførar og varaordførar.

Dei har vore med og gjort Ålesund til ein meir open og betre by å bu i. Det har vore lettare å puste i Ålesund dei siste fire åra.

Det er ikkje likegyldig kven som leier ein kommune. Sjølv om vi alle er med på å prege omgjevnadane våre, har leiarane sin veremåte og handlemåte mykje å seie. Eg er slett ikkje samd med dei to eller partia deira i alt, men no har eg kjensle av at eg kan snakke med leiinga utan å rekne med at eg anten blir oversett eller møtt med forakt.

I fleire tiår har Ålesund vore ein by som har hatt nok med seg sjølv. Ordføraren har ikkje vore ordførar for heile byen, men for si eiga gruppe. Byen har også vore sterkt innovervend og uinteressert i samarbeid med omlandet. Men no er det ein heilt annan dynamikk i byen. Sjølvsagt har dette mange grunnar, men den nye leiinga har vore avgjerande. Frisk luft har kome inn.

Eg har engasjert meg for språket. Det er sjølvsagt viktig for meg. Men minst like viktig er dei haldningane som kjem til syne gjennom striden om språket. Og her, ikkje uventa, stig Ålesund Høyre (kvifor heiter det ikkje Ålesund Høgre, forresten – det ville ha vore språknøytralt) og Ålesundslista fram som dårlege eksempel.

Når Øystein Tvedt, Monica Molvær og ordførar i Skodje, Dag Olav Tennfjord, står fram i Sunnmørsposten 22. juni og fortel oss at nynorsk som administrasjonsspråk vil hindre rekruttering til kommunale stillingar, fortel dei i grunnen at alle nynorskkommunar har dårlegare tenester enn Ålesund har.

Dei som arbeider i desse kommunane er altså sekunda vare, og gjer ein dårlegare jobb enn dei kommunalt tilsette bokmålsfolka. Dette er småbyarroganse på sitt mest tåpelege. Det er også nokså uklokt av ein ordførar i ein nynorskkommune å fremje eit slikt synspunkt.

Var eg kommunalt tilsett eller nynorskbrukar i Skodje ville eg blitt svært opprørt.

Ordføraren i Ålesund gjekk inn for at den nye kommunen skulle vere språknøytral då intensjonsavtalen mellom kommunane i nye Ålesund vart til. Ho har likevel lojalt fylgd opp vedtaket om nynorsk. Det gjev tillit. Intensjonsavtalen og nynorsk er godkjend i alle kommunane, inkludert Ålesund.

Dersom ein les språkreglane, er bokmålet og bokmålsbrukarane godt ivaretekne.

Ordføraren i nynorskkommunen Skodje er no ordførarkandidat for Høgre (orsak, Høyre). Han skreiv òg under intensjonsavtalen på vegner av nynorskkommunen Skodje.

No vil han gjere det «klinkande klart» - på bokmål, sjølvsagt – at han går inn for såkalla språknøytralitet. Dette avslører ein opportunistisk politikar som går attande på eit løfte når det passar hans ynskje om makt. Eit særdeles lite tillitvekkjande trekk hjå ein politikar. Det er òg interessant for eventuelle andre kommunar som tenkjer på å gå inn i denne storkommunen – så enkelt slår ein altså strek over avtalar.

Både ordførar og varaordførar i Ålesund skriv både bokmål og nynorsk når dei skriv innlegg, og dei gjev aldri uttrykk for forakt for bokmål. Dei som ivrar for språknøytralitet, skriv berre bokmål og auser på med forakt for nynorsk. Framfor valet er dette noko å merke seg.

Aud Farstad Ålesund

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.