Lesarinnlegg om språk i Ålesund Høgre:

«Høgre på repetisjonsøving»

Illustrasjonsfoto.  Foto: Staale Wattø

Meninger

Den politiske leiinga og administrasjonen som byggjer opp nye Ålesund kommune, har lojalt følgt intensjonsavtalen. Språkleg har det vist seg ved at dei har skrive iallfall alle større avisinnlegg på god nynorsk. Det er på tide at dei får offentleg ros for det arbeidet.



Og det er på høg tid å ta affære. No er Ålesund Høgre på politisk repetisjonsøving. Dei vil ha ein administrativt språknøytral storkommune. Det vil vel også seie at Ålesund Høgre meiner storkommunen skal krevje at staten er språknøytral overfor Nye Ålesund.

I årevis har Høgre halde på med denne såkalla moderniseringa si. Er det ikkje på tide at partiet moderniserer sin eigen språkpolitikk også? Verda rundt blir det tenkt og meint heilt annleis om språkleg mangfald og språkpolitikk enn då Høgre spikra fast sin språkpolitikk for hundre år sidan. Konservativ, ja vel, men det var no veldig, då.

Eg har lese alle partiprogram ved stortingsval sidan 1906. Det som særkjenner Høgre, er at partiet aldri har føreslått ei einaste reform som ville gjere det lettare å vere nynorskbrukar. Med eitt unntak. På 134 år sidan skipinga i 1884 har partiet greidd å kome på ein eigen idé. I 2004 tok kunnskapsminister Kristin Clemet inn for å opprette eit Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa, greidd ut av underskrivne, som då var direktør i Nynorsk kultursentrum.



I alle andre saker og i alle dei år har Høgre streta imot og vore mest oppteke av kor ille det er å vere bokmålsbrukar. Så også no. Folk skal ikkje måtte bruke eit språk dei ikkje meistrar, seier ordførarkandidat Dag Olav Tennfjord. Det kjem frå det partiet som har gjort mest for å hindre at bokmålsbrukarane skal få god nynorsklæring.

Storkommunen blir ikkje språknøytral utan at mange tilsette skriv både nynorsk og bokmål. Praksis viser at det er nynorskbrukarane er meir tospråklege enn bokmålsbrukarane. Om det faktisk er slik at nokre styrer unna stillingsutlysingar fordi dei må kunne nynorsk, kor gode er dei same personane i å skrive bokmål? Det kjem jo dei raraste ting på bokmål frå både kommunar og fylkeskommunar.

Dei som bruker nynorsk i dag, skal få halde fram med det i den nye kommunen, seier Ålesund Høgre, som om dei var i det rause hjørnet. Kvart år skal nye medarbeidarar erstatte folk som sluttar. Då kjem verken Monica Melvær eller Dag Ove Tennfjord utanom at også evne til å skrive nynorsk må gjelde, for elles blir ikkje Nye Ålesund verande språknøytral. Brått har Ålesund Høgre avslørt seg sjølv. Språknøytral er berre politisk opportunisme her og no. Dei seier nøytral, men meiner bokmål, som dei alltid har gjort.