I Molde bur eit par ekte mannfolk i dress. For å vere heilt ærleg, så har eg ikkje kika i klesskapet deira, så kanskje har dei bunad dei også? Men dei er i alle fall ikkje medlemmar i Bunadsgeriljaen! Det kjenner eg meg rimeleg trygg på.

Dei synest å ha som oppgåve i livet å kverulere høglytt og ofte, og provosere nordmøringar når høvet byr seg. Dette synes å vere viktigare enn den heilage bodskapen dei prøver å omvende oss vantru til med sine skrifter i lesarbrevspaltene i avisene.

I forsøket på å omvende oss brukar dei adjektiv og substantiv på oss vantru som ved første augekast kan virke fornærmande, men det er berre fordi vi ikkje forstår at dei vil tukte oss av kjærleik. At dei har profetiske evne, viser dei ved å fortelje oss kva vi eigentleg meiner og kjem til å meine, og avslører med det at det vi seier ikkje er heile sanninga – heller ikkje fnugg av denne sanninga.

Det står respekt av slikt.

Så er dei så umåtelig flinke til å fortelje historier. Historier som dei med tyngde hevdar er dei einaste rette. Og desse historiene nyttar dei heile tida til å forklare oss kva som er rett å tru på i dag. For vi alle skjønar kor viktig historia er. Ho skal definere kva som er den rette sanninga også i dag.

Dei seier at sagt er sagt, og då kan vi ikkje tvile på at dette er det einaste rette. Heldigvis har vi no forstått at fritenkjarar skal vi halde oss langt unna. For ikkje å snakke om dei fæle geriljakrigarane som forsøker å lure oss med sine vakre klede. Dei kjem med all slags «oppviglersk» tale, og freistar å få oss til å gå i krigen mot det dei kallar urett. Men det er fordi dei er falske profetar som aldri har sagt eit sannings ord.

Det er dei som er opphavet til alt hykleriet som omgir oss. Dei er som ulv i fåreklede. Kven veit kva som skjuler seg under deira forførande klede? Men det er slik i endetida at falske profetar skal framstå og freiste å villeie oss inn i fortapinga. Det er då vi må søkje sanninga hjå våre ekte profetar i dress.

For vi må hugse at den ein er glad i tuktar ein. Så derfor må vi bøye oss i djup vørnad for desse gode menn i dress, eller kva det no er dei har på seg, og vere takksame for at dei tuktar oss og set ting på plass for oss. Takk, takk, langt inn i ræva. Nei, nei! Langt inn i æva! Orsak!

Lars ValderhaugBunadsgeriljaen/ Tustna

Har du noko på hjartet? Send eit lesarinnlegg til debatt@smp.no