Ja, kvar er denne såkalla «klimakrisa»?

Ikkje veit eg, og når eg ferdast her i mitt fylke Møre og Romsdal ser eg ein natur og eit miljø som aldri har vore reinare enn akkurat no.

Eg har sjølv ferdast svært mykje ute i naturen heilt frå eg var liten og til no når eg er over 50.

Før når eg gjekk i lakseelva, var der omfattande utslepp med landbruksutslepp som silosaft og møkk, frå hushald i eigne kloakksystem som mykje av overløp gjekk vidare ut i elva og utslepp frå næringslivet som ikkje var bra. Det var nesten uråd å gå langs elevane pga sleipe og glatte steinar, berg osv.

Reine elvar og fjordar

I dag går eg her i reine elevar, etter strenge restriksjonar for landbruksnæringa, kommunane har kontroll på hushalsavfall og næringslivet har strenge miljøkrav. Det samme ser eg ellers ute i naturen der eg ferdast.

Rundt oss kjem det meir og meir el-bilar, el-bussar, LNG-ferjer og det er svært strenge miljøkrav til både landbruksnæring og industri, og no også omfattande utskifting av gamle ferjer her i fylket til klink nye el-ferjer.

Vi har cruiseskip inn fjorden til Geiranger, som aldri før har vore reinare enn akkurat no. Hugs på at alt i 1900 var der ca 100 cruiseskip til Geiranger. Likevel har Stortinget og Regjeringa prestert å stille krav om tier 3 i 2025, og nullutslepp i 2026 for cruiseindustrien her i området.

Ikkje fekk dei med seg at dette betyr kun 10-15 LNG-skip i 2025 og NULL skip til Geiranger i 2026, pga at det tidligaste næringa har førespegla slike skip er i 2035-2040.

Vil tape fleire hundre millionar

I dag har vi 225 anløp til Geiranger og 148 anløp til Hellesylt med ca 360.000 turistar som kvar enkelt legg igjen ca 6-700 kroner i regionen.

Med kun 10-15 skip i 2025 og ingen i 2026 får vi eit gedigent verdiskapingstap i vår region på fleire hundre million kroner og tap av mengder med arbeidsplassar her ute i distrikta med bakgrunn i eit aldeles meiningslaust vedtak for ei næring som aldri før har vore reinare.

Miljørestriksjonar er OK, og mykje av krava fram til 2024-2025 er til å leve med. Derimot har ein her gått alt for langt, og ikkje regulert næringa her i området, men regelrett fjerna den totalt frå 2026.

Press på vegane

Vi freistar å gjere det beste ut av dette med planlegging av nye cruisekaier lenger ute i fjorden og frakte eit avgrensa tal med cruisegjestar inn til Geiranger med mindre nullutsleppsfartøy.

Vi fryktar derimot at cruisegjestane blir bussa inn frå andre hamner i hopetal, på eit vegnett og ferjenett som frå før er totalt overbelasta.

Når eg får spørsmålet om eg er flau av å ta eit fly til Oslo eller utlandet, så må eg berre trekke på smilebandet og innrømme at dette var eit «greinalaust» spørsmål.

Når eg tenkjer på forrureiningane og utsleppa som er i dei verkeleg store byane og landa rundt omkring i verda, slik som i Kina og India, blir det berre aldeles tåpeleg at lille Norge skal redde verda med sine utslepp som ligg på nivået med ein middels stor by i utlandet!

Krisemaksimering

Visst skal vi ta miljøet på alvor, og visst skal vi gjere det vi kan for eit så godt miljø som mogeleg, men vi må ikkje «barbere av oss halve haka» i vår iver etter å vinne NM og VM i miljøhysteri!

Vårt land vert reinare for kvar dag som går, men vi må ikkje stelle oss slik til at vi øydelegg for næringslivet som vi faktisk lever av. Utan olje og gassindustrien her i landet, hadde vårt land ikkje hatt den velstanden som gjer oss til eit av verdas beste land å bu i.

Ei krisemaksimering av dette fører ikkje til eit reinare land og ei reinare verd.

Vi står for noko av det beste teknologiske og reinaste som finnast også innan denne næringa, og kuttar vi ut dette er det andre som tar over den produksjonen andre stadar i verda, slike som ikkje har same miljøfokuset.

Kanskje også på tide å tenkje seg litt om, alle dei med «kjeften full av gullskeier» som ropar opp om miljøkrise og skal leggje ned det meste.

Ola Elvestuens miljøhysteri

Kravet om såkalla «bypakkar» som skal måke på med gang og sykkelvegar og kollektivtilbud, finansiert av bilistane og næringslivet, poppar opp over heile landet.

Ein daud laks frå Fosnavåg som skal til marknadane i Europa, skal ikkje bruke ein meter av dei gang og sykkelvegar som den blir pålagt å betale bompengar for på sin veg ut av landet.

Prinsippet må vere at dei som har nytte av tiltaka, også må vere dei som betalar for dette, og ikkje at ein veltar heile rekninga over til andre.

Vi i Frp aksepterer ikkje lenger klimahysteriet til Ola Elvestuen eller andre, og har ikkje tenkt å radbrekke vårt flotte land i iveren etter å vinne NM og VM i klimahysteri.

Frank SveFylkesordførarkandidatFylkesleiar og gruppeleiar i Møre og Romsdal Frp

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til debatt@smp.no