Gong etter gong høyrer vi Høgre og Helge Orten snakke varmt om sitt gigantprosjekt til 37 milliard kr og hundredevis av meter under fjorden, Møreaksen.

Og, ikkje kom med dette at det «berre» skal koste 24 milliard kr, alle veit at frå dette stadiet og til bygging aukar prosjekta med minst 40 prosent, og då er vi nok meir i nærleiken av 40 milliard kr vil vi tru.

Orten er rimeleg klar over realitetane i vår regjering og i Stortinget, der budsjetta framover sannsynlegvis ikkje blir ein stor «pengefest», med bakgrunn i at veksten og utviklinga i landet faktisk går bra.

E-136 Flatmark-Monge-Marstein og E-136 Brustugelia-Rødstøl til Oppland grense, står i planen 2018-2023, og er verken planlagt eller finansiert.

Desse to prosjekta samla skal ha milliardløyvingar frå statsbudsjetta framover.

Det same gjeld ca. 3 milliard kr til E-39 Betna-Stormyra, og krabbefelt over Ørskogfjellet skal også på plass.

Helge Orten og vi andre i regjeringspartia veit så inderleg vel, at å tru på «julenissen» og kunne få fleire titals milliard kr til eit prosjekt som fjordkryssing av Romsdalsfjorden, overhode ikkje er realistisk før dei prioriterte prosjekta som faktisk er prioritert i NTP i 2018–2023 vert realisert.

«Derfor er det no flott å konstaterer at det berre er AP og Høyre som fortsatt står i spagat og tviholder på ein gammaldags og miljøfiendtleg undersjøisk tunnel, og som ikkje ynskjer flytebruer og Romsdalsaksen utgreidd»

Eit fleirtal for å greie ut flytebruer og Romsdalsaksen er innan rekkevidd, dersom du som innbyggjar ynskjer dette, må di stemme gå til parti som ynskjer dette.

FrP er klokkeklar på at vi har god tid til å kunne greie ut flytebru og Romsdalsaksen, samt få ei skikkeleg vurdering av fleire ferjer og betre frekvens over Romsdalsfjorden.

Les flere innlegg på smp.no!

Med helsing

Frank SveFylkesordførarkandidatFylkesleiar og gruppeleiar forMøre og Romsdal FrP

Helge Orten (t.v.) og Frank Sve er ikkje enige om vegval i Møre og Romsdal fylke. Foto: Johan Behrentz