I laurdagens avis var det publisert ei sak med tittelen «Skal vi hate turistar også, no då?» skrive av politisk kommentator i Sunnmørsposten, Jan Erik Røsvik. Kommentaren vinklar det slik at Raudt Stavanger sin ordførarkandidat, Mímir Kristjánsson, meiner på at vi skal kjenne på «cruiseskam» og «turistskam», og teksten er elles eit varmt forsvar for cruiseturisme.

Det er ingen som meiner det er riktig å hate turistar! Det er Dagbladet som har laga turisthatvinkelen, og den står for deira rekning. Ein må kunne vere skeptisk til at hundretusena av turistar kjem til Stavanger og den klimafiendtlege måten dette skjer på utan å bli skulda for å hate turistar.

Raudt Stavanger har tatt til orde for å avgrense dagens cruiseanløp frå 252 i året til 52 ti året (eitt i veka). Stavanger opplevd store utfordringar knytt til cruiseturismen, og vi i Ålesund burde ta lærdom av dette. Vi har ikkje dei same utfordringane dei har enda, men det betyr ikkje at vi ikkje burde legge ein strategi for korleis vi skal handtere stadig fleire anløp og fleire turistar framover.

At cruisebåtar forureinar er eit problem. Jo større dei er, jo meir utslepp. Studiar viser at cruisebåtar slepp ut store mengder CO2, som svarer til rundt 15 prosent av samla klimagassutslepp frå innanriks sjøfart og fiske. Som eit tiltak må vi forby dei mest forureinande skipa, og tvinge alle skip som legg til kai over på landstraum, men dette er også ei kostbar løysning då det ikkje er billeg å bygge ut. Kven skal betale? Skal vi ha ein turistskatt per passasjer for å hjelpe finansiere dette? Skal vi sette eit tak på kor mange anløp vi tek imot per veke, eller innføre ei grense på kor mange skip som kan ligge til kai samtidig?

Fleire anløp gir fleire passasjerar som vandrar i gater (og vegar) for å fotografere flotte jugendhus og brosund. Kvar sommar blir dei som bur i og forbi byen frustrert over folkemengder som skapar kø og tidvis utfordrande trafikksituasjonar i flaskehalsen Ålesund sentrum. Mange sitt med ein oppleving av å bli skvisa ut av sin eigen by. Røsvik syns det er triveleg med mykje liv i sentrum (og det er det jo!) men har han tenkt over om folk i ytre bydel syns det er like triveleg med fire turistbussar ståande på busstoppet i Hessaskaret som gir dårleg oversikt over trafikken og gåande turistar midt i vegen utan omsyn til bilane som skal fram? Eller korleis det er å ligge bak 30 syklande turistar og guide på lang rekke frå Skarbøvika og heile vegen til sentrum fleire gonger i veka? Som elles er eit flott konsept, men kanskje ikkje heilt enkelt å gjennomføre når infrastrukturen ikkje ligg til rette for det. Turistnæringa har begynt å gå på kostnad av befolkninga fleire plassar i Noreg, og det må vere lov å seie ifrå utan å bli skulda for «turisthat».

Eit argument som går att når vi snakkar om cruisenæringa er at passasjerane legg att mykje pengar – ja nokre prognosar viser nesten 1000 kroner per passasjer! Desse prognosane er likevel høgst usikre, og nokre forskingsrapportar viser at passasjerane legg att så lite som 2-300 per passasjer, og at 41 prosent ikkje bruker pengar i det heile tatt.

Overturisme trugar, og den øydelegger opplevinga for andre turistar som kjem hit på andre måtar enn i cruisebåtane, og som legg att meir pengar enn cruiseturistane. For nettopp kven legg att mest pengar trur de? Dei som bur på cruisebåt med all inclusive, eller dei som søv på hotell over fleire netter og et ute i byen sine mange restaurantar?

Og berre ein liten digresjon og tanke; om politikarar og næringsliv er bekymra for at butikkar skal overleve utan store mengder cruiseturistar, korleis kan ein då til dømes ønske bompengar velkomen?

Cruiseturisme er ikkje berre eit klimaspørsmål. Lokalbefolkninga må takast vare på, og vi må ta omsyn til infrastrukturen si tolegrense i Stavanger, i Bergen og ikkje minst i Ålesund sentrum.

Cruiseeksplosjonen i Noreg fører altså med seg ei klimafiendtleg masseturisme som øydelegg koselege bysentrum. Er det verkeleg dette vi ønsker for byen vår? Raudt Ålesund seier nei til overturisme og klimafiendtleg cruisenæring, og vil med bakgrunn i dette jobbe for ei meir konkret handlingsplan for korleis vi skal handtere auka cruisetrafikk framover i Ålesund og i regionen vår.

Malena Strømmen Malakzadeh1.-kandidat for Raudt Ålesund

Foto: Rødt