Rosehavet utanfor Oslo Domkirke i dagane etter 22. juli 2011 inspirerte Tobias Malm og Tone Mørk Karlsrud til å lage eit kunstverk av jernroser. Pårørande og overlevande har vore i verkstaden til Malm og smidd roser til minne om sine kjære. Erik Kursetgjerde frå Sykkylven, som overlevde massakren på Utøya, er ein av dei som har deltatt i arbeidet. Smedar frå heile verda har laga jernroser for å vise støtte, og i slutten av september skal kunstverket med nesten 1000 jernroser stillast ut utanfor Oslo Domkirke. Dei vakre og unike rosene vil bli ei sterk påminning om å la kjærleiken vinne over hatet. Det er eit val som må takast kvar dag. For hatefulle haldningar er framleis eit problem, som vi må takle på ulikt vis.

I eit intervju med NRK tidlegare i år fortalde Torbjørn Vereide frå Sandane at han hadde blitt truga, og fått hatefulle meldingar frå folk som meinte at terroristen burde tatt livet av han på Utøya. Det er ufatteleg trist at overlevande skal måtte oppleve dette. I staden for å gi etter for hatet, har Vereide invitert dei som har kome med trugsmål til ein kopp kaffi og samtale. Det har ført til mange sterke møte, og enkelte har endra standpunkt etter den personlege samtalen. Vereide er oppteken av å førebyggje valdeleg ekstremisme ved å invitere folk inn i fellesskap, og det står det stor respekt av. Når han forsøker å hjelpe dei som trugar han, vitnar det om stort mot.

Ingen tvil om at utanforskap er farleg. Fellesnemnaren for dei som oppsøker ekstreme miljø er ofte mindreverdskjensle og ei eller annan form for utanforskap. Mange opplever at dei er utan verdi for familie og samfunn, og at ingen bryr seg. Når folk med ekstremistiske ideologiar tilbyr fellesskap, kan det vere lett å slutte seg til. Dei fleste har behov for å høyre til ein stad. Derfor er det så viktig å førebyggje utanforskap i alle samanhengar, frå barnehage, skule til arbeidsliv og i lokalsamfunnet. Vi må tole meiningsforskjellar og ulike syn på både politikk og religion, og argumentere med ord. Aldri med vald.

Håpet er at utstillinga med jernroser kan utfordre oss til å spørje; kva kan vi gjere for at noko liknande aldri skjer igjen?