« I Ålesund sørga MDG og resten av dei raud/ grøne partia, for å loppe innbyggjarane for 3,690 milliard kr i bompengar»

MDG har også stemt for milliardvis av kr i bompengar både i Molde og Kristiansund.

Det må vere verdensrekord i ansvarsfråskriving når listekandidaten til MDG meiner eg og FrP farer med «løgn» når vi meinar at MDG er «bompengar sin beste venn»

MDG må ha fått «solstikk» for så svimmel kan ein faktisk ikkje vere normalt!

Rett nok så må nok MDG vere rimeleg «svimmel» når vi ser på bompengeranet i til dømes Oslo.

« Vi skal overhode ikkje ha Oslotilstandar her i fylket, med bompengar i hytt og pine, der bilistane og næringslivet vert loppa for milliardbeløp»

FrP her i fylket kjem til å kjempe for å stoppe bompengeranet både i Ålesund, Molde og Kristiansund, og det er berre eit parti som kjempar imot bompengar her i fylket.

Stem FrP ved kommune og fylkestingsvalet den 9 september !