Eit godt ordtak for klimapolitikken er å tenke globalt – men også handle lokalt. Over heile jorda kan vi gjere noko i lokalsamfunna våre, anten det er å redusere bruken av plast, kutte utslepp eller å førebu oss på dei nye tidene.

Sunnmørsposten skreiv førre fredag ein leiar om FNs klimapanel sin nye rapport, som viser det fleire har sagt tidlegare – at tida vi har til å handle blir enno mindre – og at vi må gjere forandringar i måten vi produserer maten vår på og korleis vi utnyttar areala.

I Arbeidarpartiet har vi over lang tid hatt eit fokus på korleis ein kan gi ressursane våre lengre levetid. Om Noreg og andre land skal bli lågutsleppsland, så må ressursane brukast fleire gongar. Dette vil blant anna tilseier meir effektiv bruk av ressursar i industrien, betre utnytting av biprodukt frå industrien til nytt råstoff – og betre utnytting av plast og anna avfall.

Å gå over til ein stadig meir sirkulær økonomi er essensielt for miljøet – men vil og gi opphav til nye næringar og arbeidsplassar. Men om vi ikkje tek vare på kloden vår vil ikkje jobbane bety så mykje. Eller som Sharon Burrow, generalsekretær i den internasjonale fagrørsla ITUC sa: "There are no jobs on a dead planet".

På same tid veit vi at for å sikre sjølvforsyning og jordbruk i heile Noreg må jordbruket tilpasse seg klimaendringane. Blant anna ser vi allereie no eit klart våtare vêr, som krev meir grøfting, drenering og oppgradering av vassløp for å transportere bort dei store mengdene med vatn. Arbeidarpartiet ynskjer blant anna å auke investeringane i grøfting og drenering for å gjere dei føreseielege over tid.

Det våtare vêret gjer og innhausting meir krevjande og det må difor leggast til rette for investering i og fornying av korntørkar og lagerkapasitet på kornbruka – som vil bidra til å auke forsyningssikkerheita for mat. Samtidig må det leggjast til rette for investeringar i utstyr og anlegg for vatning på gardane, for å betre ruste landbruket for lange periodar med tørke.

Klima og miljø er vår tids største utfordringar. Skal vi kome desse i møte på ein god måte må vi sette i verk tiltak for å bremse utviklinga og nå klimamåla, men vi må og vere førebudd på endringane som vil kome.