Å få meir ut av kvar krone, gjere kommunane meir attraktive for fagfolk og betre tenestene for innbyggjarane har vore Høgre sitt mantra i kommunesamanslåinga.

Synergieffekt, synergieffekt!

Alt skulle bli betre, synergieffektane positive og tydelege.

Synergieffektar som vi i Ørskog takkar nei til, for enno har vi dei lågaste SFO-satsane, enno har vi ingen eigedomsskatt, men likevel gode tenester for innbyggjarane. Etter tvangssamanslutninga , (resultatet ved folkerøystinga var vel 84 % NEI til Ålesund), vil «synergieffekten» merkast på lommeboka, særleg for pensjonistar som i 4 år har hatt reell nedgang i kjøpekrafta, men likevel betalar same høge avgifter som lønsadelen.

Medan regjering og Storting sytte for raus lønsauke til seg sjølve, «klarte» dei ikkje å finne tiltak for å halde oppe pensjonistane si kjøpekraft.

Og no får vi altså eigedomsskatt i nye Ålesund som resultat av tvang og ignorering av lokaldemokratiet.

Pensjonistpartiet går imot denne usosiale og urettferdige skatten på heimar som er betalte og skattlagde frå før. Berre Pensjonistpartiet bryr seg om pensjonistane sine kår, altså utanom valkampen, det har pensjonsutviklinga siste fire åra vist. Difor skal eg stemme på Pensjonistpartiet og Eldar Eilertsen, dyktig og jordnær herøyværing og ålesundar; pensjonistane sin talsmann i nye Ålesund!