I år er det 100 år sidan vi fekk allmenn stemmerett i Norge. Til kommunestyrevalet i 1919 fekk endeleg også dei fattigaste røyste ved val.

Det var ein viktig milepæl for demokratiet i den unge nasjonen, og ein siger som var vunnen etter lang tids kamp. Slag for slag hadde stemmeretten vorte utvida til nye grupper.

100 år er gått, og måndag skal vi igjen gå til stemmeurnene og vidareføre denne arven. Det er det dessverre stadig færre som finn grunn til.

Valdeltakinga i Norge blir stadig lågare. Særleg når vi skal velje dei som skal forme ut og driv tenestene som er viktigast for oss i kvardagen, er interessa for å bruke røysteretten laber.

Ved førre lokalval var det berre 60 prosent som røysta. Endå lågare valdeltaking var det ved fylkestingsvalet.

Ålesund kommune var mellom dei aller dårlegaste i landet. Halvparten sat heime valdagen. Berre fem andre kommunar hadde lågare valdeltaking, blant dei byane Hammerfest og Sarpsborg.

La oss vere samde om ein ting. Her må det skjerping til. Dette er ingen måte å feire årets stemmerettsjubileum på. Og Ålesund er ikkje åleine. Fleire av nabokommunane gjer det like svakt inkludert eit par av dei som blir med i nye Ålesund.

Ikkje alt var betre før, men noko var definitivt det. «Please, please me» song The Beatles den våren, og åtte av ti troppa opp i vallokalet – ja, ålesundarar også. Men velstanden vaks, The Beatles vart historie. Ti år etter gjekk sju av ti til urnene til tonane av Rolling Stones’ sukkersøte ballade «Angie».

På 80-talet byrja det å butte imot, både i vallokala og på hitlistene. Vi skal ikkje gi «La bamba» skulda, men i 1987 tona valdeltakinga ut, og fall under 70-grensa for første gong. Vi har aldri sett oss tilbake. Dei siste 20 åra har vi balansert på stram line på 60-talet med valet i 2011 som eit svakt heiderleg unntak. I Ålesund har deltakinga vore nede på 50-talet dei siste 20 åra.

Denne utviklinga er alvorleg. Eit folkestyre der snart fleirtalet av folket ikkje deltek ved val, er sårbart. Demokratiet må byggjast nedanfrå, elles er det i fare. Dei faresignala ser vi i dag ikkje berre i tala frå Statistisk sentralbyrå. Den aukande polariseringa i samfunnet er eit symptom på det same.

Vi kan ikkje løyse dette ved å setje på den gamle, gule plata med Beach Boys. Vi må ruste oss til ny kamp for å hindre at demokratiet forvitrar sakte i grunnvollen. Vi må forvalte den 100 år gamle arven på ein måte som gjer at den varer i nye hundreår.

«Look to Norway», sa president Franklin D. Roosevelt i ein tale ved overleveringa av ubåtjagaren «Kong Haakon VII» i 1942. Orda var til stor inspirasjon for den norske kampviljen.

Skal vi mane fram kampvilje for demokratiet bør vi kanskje ikkje sjå til USA, men kanskje kan vi seie «Look to Honndalen». Kommunen som no blir historie, har vore på topp i valdeltaking i regionen uavhengig av kven som har trona høgst på Billboard, heilt sidan den braut ut av Stryn i 1976. Om alle nærma seg Hornindal litt, så hadde vi litt ekstra grunn til å feire måndagens val.