Noreg er eit av dei tryggaste landa i verda å føde i. Sjølv om fødselsomsorga vår er i verdstoppen, held vi fram arbeidet med å gjere ho endå tryggare og betre – i heile landet. Vi vil ha eit fødetilbod som består at dei små fødestovene, dei mellomstore fødeavdelingane og dei store kvinneklinikkane.

55 000 kvinner føder born i Noreg kvart einaste år. Dei aller fleste kjenner seg trygge, og vert godt tekne vare på av flinke fagfolk før, under og etter fødselen. Det har aldri vore tryggare å føde i Noreg enn det er i dag. Spedbarnsdødelegheita har aldri vore lågare. Talet på kvinner og born som vert skadde under fødsel, har aldri vore lågare. Kvinner er meir nøgde med fødetilbodet på sjukehusa enn tidlegare.

Det er behov for fleire jordmødrer i kommunane. Difor har regjeringa lagt til rette for nær ei dobling av talet på jordmorårsverk i kommunane sidan vi tok over. I 2013 var det 279 jordmorårsverk i kommunane, medan det innan utgangen av 2019 vil vere om lag 540. Fordi talet på fødslar har gått ned i same periode, har talet på gravide per jordmor gått kraftig ned.

Regjeringa har i tillegg lovfesta at frå 1. januar 2020 skal alle kommunar ha jordmorkompetanse. Dette kravet vart i si tid fjerna av den raudgrøne regjeringa, og no gjeninnført mot Arbeidarpartiet sine røyster. Å lovfeste kravet om jordmor styrker rettane til kvinna, og det er beklageleg at Arbeidarpartiet gjentekne gonger har synt at dei ikkje stør opp om dette kravet.

Fødselsomsorga i Noreg er veldig god, men ikkje perfekt. Høgre held difor fram arbeidet med å gjere ho endå tryggare og betre. Det skal vere trygt å føde, uansett kvar ein bur.

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!

For få: Fødselstala går ned i Norge. Per S. Runde meinar det speglar ein sjølvdyrkande, nyliberalistiske kultur som ikkje er liv laga. Foto: NTB Scanpix Foto: Lise Åserud, NTB Scanpix