Traumefunksjon Volda sjukehus er foreslått nedlagt.

Traumeberedskap handlar om å ta imot potensielt hardt skadde som til dømes etter trafikkulykke, fall eller andre skader som kan vere livstruande. Tidsfaktor er viktig, og i nokre tilfelle avgjerande for liv eller død. Sikre frie luftvegar og hindre at du blør i hel og stabilisere deg for eventuell vidare transport, om det er nødvendig.

Det er nasjonale krav til kompetanse for å ta imot ein traumepasient. Traumeteam innvolverar fleire faggrupper som trener regelmessig og er pålagt kursing i høve hardt skadde pasientar. Volda sjukehus innfrir desse krava kvar dag, heile døgnet.

Ville du godta å bli frakta forbi ein kompetent beredskap om ulykka skulle ramme deg eller dine i nærleiken av Volda sjukehus?

Vi veit og at veg og føreforhold kan vere krevjande, spesielt vinterstid, noko som kan påverke kor raskt du får kvalifisert hjelp.

Fagdirektør i helse Møre og Romsdal rår til at alle traumepasientar skal til Ålesund sjukehus, uansett kvar ulykka skjer på søre Sunnmøre.

Det finst ingen fagleg grunngjeving for at desse pasientane ikkje kan kome til Volda sjukehus. Det var det semje om i arbeidsgruppa som utarbeidde planen for traumemottak i vårt helseføretak.

Volum med omsyn til traumepasientar er lite for alle sjukehusa i Norge utanom Ullevål, så alle må halde kunnskapane ved like og trene jamt. Dette er godt tatt vare på ved Volda sjukehus.

Vedtaket påverkar økonomien i liten grad, då alle ressursar er på plass heile døgnet i dag.

Den 26 september skal denne saka opp i styret i Helse Møre og Romsdal

Skal vi finne oss i dette?

Heidi Myklebustanestesisjukepleiar, Volda sjukehusMarit Riise Olsenoperasjonssjukepleiar, Volda sjukehusDagny Botn BrautasetOperasjonssjukepleiar, Volda sjukehus

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til debatt@smp.no